Eg snører inn brysta
og auga
til eg ikkje ser lenger
enn til nasetippen
sjølv med briller på
Knyter meg saman
får vondt overalt
ventar på at skalpellane skal skjere meg
laus frå meg sjølv

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Mannen sperra inne
i ei mappe for vidare utgreiing
nedfrosen i påvente av diagnosen

Eg er mitt eige prøverørsbarn
overmoden
krafsar mot innsida av kjøleskåpsdøra

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alt kvinneleg
klumpar seg
i halsen og vert
eit adamseple
som vekst umerkeleg
til det fyller luftrøret

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Psykiateren ifører seg
si kvite dommarkappe
vaskar hendene
og tek imot meg mellom kvite vegger
der eg balanserer på stram line
mot diagnosen
frå kvinne til mann
Ikkje sjå ned!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Berre eg
kjenner dette hjartet
slå mot ribbeinssprinklar
bak brysta

Berre eg
kjenner denne pikken
reise seg frå ingenting
mellom kjønnsleppene

Berre eg
kjenner denne mannen
reise seg innanfrå og
slå seg sjølv fast

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ser du steinane
kome til syne
blå og grå år
kvite ark som tiner
vert gjennomsiktige
ein frosen mann
frø frå framande tre
eit vissent blad
laga av år
renn bort
og eg blir

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det finst eit ekko
av noko eg ikkje sa
ein skugge
av det eg ikkje var
i auga til mor mi
Dei spør korleis ein sørgjer
over ein som ikkje er borte
Kor ein kan minnast
ei som ikkje var
Eg har ingen svar

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Andletet til far min stira alltid mot meg
frå spegelen
det skeive fliret og bekymringsrynkene
tydelegare for kvart år
på veg bort
heilt til eg slutta å dekkje han til
og eg kjende han att
som meg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Teiknar meg sjølv
ein fyrstikkmann alltid på nippet
til å ta fyr
ta form
bli til

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eg lagar ei rift i verda
her eg står og er
berre meg

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Når eg kjem
i senga di
er eg ein framandkar
er eg ein annan
den eine
det eine kjønn
Du snur deg bort

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg finst
i munnen til min elskar idet han seier
«Du tenkjer som ein mann»
og han smiler sjølv om han ikkje
likar menn slik han
likar meg og eg
smiler sjølv om eg
veit akkurat
det

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ingenting ynskte eg meg meir
enn manndomen din
og eg tok han
om natta og beheldt han
til eg skjøna at han var
alltid berre din
Og gjekk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kvar månad er det noko
her inne som døyr
I 5 dagar ber eg
raude bind
som teikn på mi sorg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tida heilar ikkje dette såret
kløfta mellom tanke og kjøt
kjønn
gror ikkje av seg sjølv
held fram med å blø kvar månad

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Vil berre vere
fotografi
nett no
flate
lik papir
flyte
lik vekebladskrift

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du såg meg før
eg såg meg sjølv
No er eg redd du
ikkje vil kjenne meg att
ikkje kan sjå
din son

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Prinsessa er eit frø
ei ert
ventar
lengtar
etter å vekse
gro stengel
så ho kan verte
prins

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dyna ligg att
avtrykket av draumekroppen
kolnar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Om morgonen vaknar eg
med bankande kjepp
mot døra til røynda
som om han trur
han finst
Slik draken vaknar i ei hole
der ingen ser
der ingen er

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Egil StangelandPiippokattaHarald KHelge-Mikal HartvedtMarit HøvdeMonica  SkybakmoenIngunn SStine SevilhaugPia Lise SelnesKirsten LundCarine OlsrødDolly Duckingar hKarin BergThomas Heie H.IngebjørgV. HulbackMorten BolstadKaren Lovise NordhagenIvar SandsomniferumKarin  JensengretemorTanteMamieAnn ChristinBjørg Marit TinholtKaramasov11Anne Berit GrønbechAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaMarie HolterChristoffer SmedaasLeseberta_23Ingeborg GHilde H HelsethJohn LarsenmgeTine SundalTor-Arne JensenGrete Amundsen