Får eg sove i skuggen din
ryggen din mellom meg og verda
vakne i lyset ditt
blenda
endå ein gong

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Eit bokmerke av lys
mellom denne dagen
og den neste
for å vete kva for ei side eg skal slå opp på

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Eg flytter inn i deg
utforskar parkane
stryk murane
for første gong

Lyden av svevnen din
einsame fottrinn
i tomme gater

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hendene dine er groblad
stryk kroppen min heil

Tunga di slikkar meg saman
formar ord som heilar
kløfta mellom tanke og kjøt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein dag skal eg skrive eit tak
vi kan bu under
vegger mot vindkulene

Du skal få ditt eige rom
så snart eg har formulert
meg sjølv

Godt sagt! (2) Varsle Svar

I kroppen din
ligg fråværet mitt

ein søledam du går utanom
med finskoa på

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Idet eg fødde deg
vart eg sjølv den ufødde
Din son
Din bror
Di mor

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du tok med deg
min siste rest av kvinnelegheit
då du sprengde deg ut
i verda

Ein kvinnekropp gav eg deg
så eg kunne viske ut min eigen
Du overtok han
utan å protestere

Skulda for alt som skal hende deg
ber eg
Fridommen du gav meg
gjer akslene breiare

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Draken slår med halen
i mørkret under hjartet
veks seg sterkara for kvar dag

Om ikkje lenge skal du åle deg ut
mellom låra
flerre kjøt og
brøle så øyra smeltar

Du skal suge deg fast, gripe
med bitte små klør om sprengde bryst

Og eg skal lære deg å sprute eld

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Prøvde så lenge å evakuere kroppen
eit feilkonstruert byggverk
rivingklart

Søkte løyve til rekonstruksjon
bruksendring
Avslag

Ligg i kjellaren
ventar på å rase saman

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Dagen snublar i sin eigen skugge
landar på ein morenerygg
av falne dagar

Natta kryp ut av augeholene
Drøymer om flukt

Gjennomsveitt vaknar eg
utan detaljar

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ingen arkeolog skal børste støvet
av mine knoklar
telje ribbein
måle hofter
stille meg ut som
kvinne

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ei dør opnar seg
der inne sit barndommen
peikar feil veg

Eg lèt att døra
for ikkje å kome i klem

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Tunge lodd av løgn
med brystvorter på

Kjære lege skjer dei bort
så sanninga kan gå
skjortelaus i sommarsola

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Denne vegsperringa
har kvit frakk
oppsett hår

Ho rettar pennen mot meg
kontrollerer papira
nektar utreise frå dette kjønnet

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Bror din lyfter
hendene frå auga, frå
arra på overkroppen, din bror
lyfter sin tunge augelokk
for fyrste gong
lyfter
auga
frå bakken, sola
over horisonten, spreier
armane ut og kjem
deg i møte, din nyfødde
storebror smiler som aldri før

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Frå begeret av kronblad
reiser arret seg
omkransa av dei som ber støv
og berre det vert ståande
når blomen blømer av
Ber frukt og frø

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg skapar meg
eit namn
Kroppen er
min logo

Godt sagt! (4) Varsle Svar

I ei verd der to kjønn
får plass i eitt sniglehus
krølla saman i spiral
kryp eg ut og vert hann

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Skulle du felle tårer
over at bror din
feller sine bryst slik
trea
feller sine kongler

Skulle du bry deg
om kva som veks
i di systers boksershorts

Kven er du i dette landet
mellom fitte og kuk

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

ConnieEgil StangelandPiippokattaHarald KHelge-Mikal HartvedtMarit HøvdeMonica  SkybakmoenIngunn SStine SevilhaugPia Lise SelnesKirsten LundCarine OlsrødDolly Duckingar hKarin BergThomas Heie H.IngebjørgV. HulbackMorten BolstadKaren Lovise NordhagenIvar SandsomniferumKarin  JensengretemorTanteMamieAnn ChristinBjørg Marit TinholtKaramasov11Anne Berit GrønbechAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBente NogvaMarie HolterChristoffer SmedaasLeseberta_23Ingeborg GHilde H HelsethJohn LarsenmgeTine SundalTor-Arne Jensen