Litteraturkritikar Atle Christiansen seier i Kritikarboka at: "... eit grunnleggjande kriterium for god litteratur: Når vår fantasi og tanke må gjere sitt yttarste for å hengje med, da er litteraturen god."
Kva synast du er kriteriet (-a) for god litteratur? Kva gjer ei bok til ei god bok? Ei som står ut frå resten...
Ein stor nedtur. Dårleg språk fylt med klisjear. Naiv historie (dagdrøyming til ein kvar kommunistungdom). Er ikkje på topp 10 lista nei. Heller på plass 984.
Eg synast Øverås skriv godt og eg får lyst å lese alle bøkene han har skrive om (rett på Haugen bok for å bestille), men eg hadde håpa det var litt meir livet og litteraturen og ikkje fullt så mykje ei samling av litteraturkritikkar, som det faktisk var. Men ei veldig lesverdig og inspirerande samling er det.
Det er ikkje meininga å diskutere smak og behag i dette tilfellet. Det er snakk om å liste opp gode bøker. Og enkelte bøker er bedre enn andre (sjølv om det sjølvsagt og er ein viss grad av smak og behag).
Og kan du seie noko om kva som er dårleg, må du kunne seie noko om kva som er bra.
For hjertet er livet enkelt: Det slår så lenge det kan. Så stopper det
For hjertet er livet enkelt: Det slår så lenge det kan. Så stopper det.
Må vere den beste opningssetninga på ei bok.
Veien er klart betre. Den blei kåra til 00-talets beste bok av The Times, det seier vel noko om kor god denne er.....