Når hausten kjem, sloknar sola,
både på himmelen
og inne i kakkerlakken.

Tomheita kjem smygande som
ein listig tjuv.
Den stel glede.
Den stel farge.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg vil syne deg hagen min

Eg vil syne deg hagen min.
Alle dei frosne blomane, alle dei visne strå,
alle dei turre tre, skal du ikkje få sjå.
Ikkje det urudde, men det velstelte.
Alt det vakre syne fram.
Ikkje dei mange kaldnetter som frøyste blomar,
skal du veta um. Men høgsumaren med det som
blømer og står i sin fulle brage.

Skulle eg likevel syne deg alt?

Å, eg veit det! Ingen ting kan eg løyne for deg,
du har longe sett det. Alt det låge, alt det smålege,
alt det urudde. Ingen har sett meg djupare inn i
augo.
Det turre, det visne, det ljote skal du hjelpe
meg å reinske burt.

Før eg møtte deg, var alt her inne urudt lende,
livlause øydemarker, der inkje godt kunne gro.
Der du går, sprett blomar fram i faret.
Ser du at steinen blømer!
Før er ikkje til lenger.
No blømer her ein hage.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Her sit eg innmed bekken og skriv ord til deg.
Det er liv i dei, men det er ikkje dei som er livet.
Berre ord kan ikkje seia det til deg.
Eg må sjølv vera ordet.
Ikkje berre vera i det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Var du ein sjø

Kunne eg vera
jordi du går på,
få kjenne dine fotsteg.
Bera di lette tyngd.

Kunne eg vera
himmelen over deg
og inni din hug!

Eller vinden
som får kysse deg på kinnet,
blåse innpå blanke augo,
leika med ditt hår.

Vera den blomen
du plukkar
og angande bløme
for deg- for deg.

Den mogne frukt
millom dine lippor.
Kor sælt å kjenne seg knust
millom dine tenner.
Vera ein smak på di tunge
og leske deg med si hjartesaft,
stille din torste.

Kunne eg vera båra
som kjæler din lekam
eller det varme svadberget
du legg deg på
etter lauget.

Ja- eller soli
som brunar di hud.

Å, um du var ein sjø,
at eg i sæle,
kunne gå under
og drukne i deg!

Godt sagt! (3) Varsle Svar

[...]
Kva vil eg med alt eg seier
og alle dei ord eg skriv,
um dei ikkje har ande og hjarteslag
som i deg kan skapa liv.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Du gav meg augo dine

Over det vinterfrøyste,
det nakne og aude,
vende soli sitt strålande
auga mot jordi.

Livet stod upp av daude.

Alt vende seg lengtande
upp imot ljoset
og livna.

Strå spira.
Blomar blømde.
Lauv spratt.
Angane fløymde.

Du gav meg augo dine
og hugen vendest til deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Dette er den vakreste, vàreste og den mest sjelfulle boka jeg har lest på lenge. For en lyriker Jan-Magnus Bruheim var, og jeg er så takknemlig for å ha "oppdaget" hans forfatterskap.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det skin i li

Det skin i li
det syng i skog,
av di du leikar
i min hug.

Når lauvet likrar
bekkjer læt,
eg sit glad
at gleda græt!

Den sæle dagen
du kom innn
og rudde rom
i hugen min,

då opnast alt
som før var stengt
og ringa inn
av draum og lengt.

No kvitrar fugl
no glitrar blad
og blomar strålar
allan stad.

Um handi ikkje
kan deg nå
og augo ikkje
kan deg sjå

kvar dei så vender
seg- og snur:
Mitt hjarta veit
kvarhelst du bur.

Og veit eg ikkje
kvar du fer,
eg veit ein stad
du alltid er.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Biletet

Eg ville teikne med ord
ho som eg ber i hugen,
så eg fekk synt ho fram.
Men ordi rakk ikkje til.

Eg ville seia ho med blomar,
skire som hennar augo.
Men alle blomeberg i verdi
kunne ikkje syne fram
korleis ho var.

Eg dyppa min pensel
djupt ned i blåe havet.
Eg teikna med stjerneskrift
på natthimmeldjupet.
Dei logande haustfargar
over lauvskog og lier,
dyppa eg penselen i.
Men biletet bleikna
mot henne eg elskar.

Då opna eg bringa,
dyppa penselen djupt inn
og måla ho
med mitt hjarteblod.

Då blodet storkna
stråla det fram:
Biletet av henne
eg elskar.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Nokon har sett deg

Du gøymer deg for dei andre,
vil ikkje syne deg fram.
Tek på deg kappa
som gjer deg usynleg.
Ingen skal sjå ditt nakne
nederlag og skam.

Men solmakti nådde hjarta
og nækte deg for den eine.
Alt i-deg låg ope i dagen.
Du var ikkje lenger åleine.

Solstrålar vermer
ditt arme lende.
Nokon har sett deg-
Underleg er det å kjenne.

Det er ikkje skam du kjenner.
Freden og tryggleiken
fylgjer i alt du gjer,
fordi du har synt fram
det inste i deg
for nokon som er deg kjær.
Trygg kjenner du deg, og roleg
av di at nokon har sett deg
slik som du er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

På dine vegar

Vegen har kjent i sæle
den lette tyngd av din fot.
Her har du gått og sett det same
som stig mine augo imot.

Dagen er dim og draumslørd.
Kva er det då som gjer
alt syner seg tifald
vakrare for mine augo,
meir underleg skirt enn det er.
Mitt hjarta bankar og ventar.
Det er som eit under er nær.

I glede kjenner eg kvifor
alt er så ljost og lett:
Det er av di at dette
har dine augo sett.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du i meg

Den morgonene eg vakna,
vart alt så underleg.
Sæl kjende eg det levde
eit du i meg.

Nyskapt stod alt ikring meg.
Og lukkeleg og still
kom gleda hit og melde
at du er til.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Til deg som gav meg to bilete

Di vàre hand,
di varme hand
har teikna ditt bilete.

Det seier meire
enn mitt auga ser.

Så tankefull og tagall
sit du ved ditt bord
og talar til mitt hjarta
utan ord.

Det såre draget
kring din munn,
eg kjenner vèl
det speglar av
eit hoggsår i di sjel.

Di eigi teikning
av deg sjølv du gav meg.
Eg stryk deg varsamt
over hår og kinn
og står og kjenner
at du har rørt
ved noko i mitt sinn.

Det andre som du sende
har eit anna auge sett.
Kan hende er det meire
flagrelett-
men aldri kan
eit auga utanfor
på same måten
syne fram
det inste i deg,
der du står
med bregner i ditt fang
og fylt av vår----

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rotlaus

Du står der trygg av di du fann
din grunn.
Meg jagar eld og uro kvar
ei stund.

Um kvervelvinden riv med
bråe kast,
du har dei røtene som held
deg fast.

Eg stomlar fram, eig ikkje rast
og ro,
Du står og veit korleis det er
å gro.

Med' lengten driv meg kringum land
og strand,
står du og gror i fred, av di
du fann.

Fulltrygg står du der i din fred
og veit-
Meg jagar livet vidare
på leit.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

[...]
Den knytte neven
kan ingen ting gjeva
og ingen ting
ta imot.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Det hendene vil

Ingen kan tolke
den ordlause kvide,
når han med dei krøkte fingrar
han med dei skjelvande,
utslitne hender
blir skuva til side.

Gagnlaus han står der.
Eit turka tre
med sprikande greiner.
Han er ikkje lenger
rekna med.

Tung kjennest den pine
når stundi er komi
då ingen har bruk
for hendene dine.

Heller du ynskte
du aldri var til
um den dag skulle koma
at du ikkje lenger
kan makte å gjera
det hendene vil.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Den dagen

Um all ting laga seg
slik som du ville,
det kunne aldri
all di lengsle stille.

Ei lengt mot det
som ikkje er å nå-

Den dagen
då di leitings uro
og di lengsle stilnar,
vil livet døy
og hjarta slutte slå.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Utan deg

Utan at du
vil og veit det,
er du med
i alt eg gjer.
Utan deg
eg ville ikkje
vera det
og den eg er.

Utan deg
eg kunne ikkje
løyse det
som innestengt
ligg og lever
djupt i hugen,
spunne inn
og unna-trengt.

Trass i alder
år og avstand,
er du no
og alltid nær.
Fylgjer med
til vegen endar
og eg ikkje
lenger er.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Tungt glid båten

Tungt glid båten. Fylt av draumar,
over opne, vide hav.
Møter brot og understraumar
som vil søkkje han i kav.

Himlen myrknar. Stormen vaknar
just som soli klårast skein.
Draumane glid over ripa
ned i kavet, ein og ein.

Makteslaus eg sit og ser
mine draumars drukningsdaude.
Men igjenom alt som skjer,
skal det endå ikkje naude:

Her er att ein einsleg draum
som eg fylltrygg veit ska leva
gjenom bylgjebrot og straum.
Draumen som har rot i æva.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som fuglefløyt

Når eg er burte
skal eg koma til deg
som fuglefløyt
gjennom stille skogar.

I den milde brisen
som stryk deg
lint over håret
og fløyelsmjuk legg seg
imot di kinn
som stròk av usynlege,
varme hender.

Når dagen din
dimmest og grånar
og alt tykkjest meiningslaust,
vil eg vera i solstrålen
som bryt gjenom tunge skyer.

Når du går der åleine,
skal eg koma til deg
i viddesusen frå fjellet
i båreglitret
skjelvande over sjøen.

I nordljosnetter
og når du går under
djupblåe stjernehimlar,
skal eg vera hjå deg.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg Marit TinholtIngeborg GJulie StensethMonica CarlsenBeathe SolbergKirsten LundPiippokattagretemorMorten BolstadNikkaChristofferKjell F TislevollAnniken RøilHarald KHilde H Helsethandreas h. o.Ellen E. MartolHelen SkogBertyBerit RJarmo LarsenTuridmajaTheaEgil StangelandEster SAgnete M. HafskjoldAnneWangAlice NordliTonesen81Jan-Olav SelforsTanteMamieHenrik  Holtvedt AndersenLisbeth Marie UvaagTine SundalDemeterMargrethe  HaugenEli HagelundGodemineMads Leonard HolvikHilde Merete Gjessing