Forunderleg og litt rar bok. Ei samling små historiar frå det verkelege liv, som likevel kjennes som frå ei fantasiverd. Fekk litt "du trur det ikkje før du les det"-kjensle. Uansett, eg las ganske kjapt ut denne flotte boka.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ser fram til band 3. Tidvis vart band 2 ein transportetappe, men eg tykte nokre av setningane var beint fram vakre og poetiske. Mot slutten av boka vart eg kort og godt rørt, og landa på at band to på mange måtar er ei førebuing til slutten. Blir spanande korleis dette endar i siste akt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Aha, eg skjønar!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har eit spm kanskje nokon kan svare på: Kva er det som avgjer kva for bøker som står på lista "populære bøker nå"? Takk.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

https://simple.m.wikipedia.org/wiki/List_of_Nobel_Prize_winners_in_Literature
Er umuleg å vinne nobelprisen i litteratur meir enn ein gong, sidan forfattaren får prisen for heilskapen i arbeidet sitt, ikkje for enkeltverk.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Blir spanande å lese Raudt støv 2. Eg var ikkje klar over at ho er komen ut. Såg at Kvæven klaga Morgenbladet inn for PFU for å ha framstilt han som konspiratorisk og høgre-ekstrem, med utgangspunkt i gamle forumkommentarar frå rundt 2010, som han seier han i stor grad har teke sterk avstand frå i dag. Ser samstundes at Kvæven ikkje fekk medhald i klagen.
Jaja, eg gler meg uansett til å ta fatt på boka, særleg Kvæven sine skildringar av korleis dyr opplever og sansar røyndomen, og det at han viser at naturen er evig og uforanderleg. På den måten trer det uforanderlege i mennesket klarare fram. Grunnleggjande trekk som kjærleik, hat, konflikt med meir.
Er det nokon her som har rukke å lese Raudt støv 2 allereie?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg har nettopp lese band 1 av Krig og Fred, omsett av Arne Gallis. Litt gamaldags, men flott nynorsk. Veldig fornøgd med språket!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Glimrande bok. Fyrst blir lesaren introdusert til hovudpersonane, mellom anna gjennom ei rekke sosietetsselskap i Russland, og så endar boka opp med skildring av slaget ved Austerlitz. Det tek eit par hundre sider å kome skikkeleg inn i boka, og sjølv då kan det vere vanskeleg å halde styr på dei mange karakterane.
Arne Gallis har omsett boka til vakker nynorsk. Litt uvant i starten, men etter kvart kjennes språket heilt naturleg. Eg gler meg no til å lese dei tre neste banda.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kvifor terningkast 4? Kva trekker ned? Eg kjenner ikkje til forfattaren, og er litt interessert.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Produkt hos Ikea for oppbevaring under seng
https://www.ikea.com/no/en/cat/under-bed-storage-19059/

Tilsvarande kan du også få hos Jysk, Jernia osv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kva for ei av bøkene hans tilrår du for ein som ikkje har lese noko av han?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Er vel no framover vi ser kva Vance har lært og kva han tykkjer må gjerast. Ein ting er sikkert: Donald har ikkje lese boka.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Av og til må det bli mørkt for å kunne sjå lyset. Eller noko sånt. Den fyrste boka til Niemi synst eg blei for tøysete. Koke Bjørn kanskje ein mellomting. I Fallvann er det ganske skummelt med alt vatnet som kjem i strie straumar. Litt usikker på kor humoren hadde passa inn? Kunne jo hatt kjærleikserklæringar og heroiske redningsdådar, eller galgenhumor, men eg tykte det var greitt med reindyrka katastrofestemning.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Hmmm. Kanskje eg bør sjekke ut. Er den tilgjengeleg på norsk? Likte veldig godt filmatiseringa av Hornblower-serien iallefall.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Har ikkje lese denne. Av dei 3 du nemner har eg berre lese The Stand. No har eg ikkje lese King sånn ca. sidan eg var tenåring, men tenkte då eg las bokmeldinga di, Ole, at leseopplevingar, og særleg i ungdomsåra, kan vere sterke og skjelsetjande utan at sjølve boka treng å vere eineståande. Drt eg meinar å seie er at desse 3 du nemner sikkert er veldig bra, men som leseoppleving kan andre av King for ulike lesarar likevel ha gjort større inntrykk.
T.d hugsar eg av ein eller anna grunn at Christine gjorde sterkt inntrykk.
Uansett, tidlaust konsept det med å endre historia sin gang. Ville vore varsam med å ta nokon av dage med det utgangspunktet å skape ei betre verd.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Umiskjenneleg Sundstøl. Handling på indre plan. Mykje gjentakingar, grubling, rørsle mellom fortid og notid, ein hovudperson som er i ferd med å gå til grunne, på same måte som Alexandria er det, og til slutt må han gjere eit grunnleggjande valg.
Hovudpersonen har ein døyande draum om å vere forfattar, men han er i ferd med å miste seg sjølv. Han har budd på eit hotellrom i Alexandria i eit halvt år. Byen han har lese om og fantasert om er ikkje den same som den fallerte og døyande i den verkelege verda. Han fantaserer om den 15-årige engelske jenta som bur på naborommet saman med foreldra, og når han mot slutten stel trusa hennar på klessnora på balkongen, så vidt utan å bli oppdaga, for ikkje å snakke om at han nesten dett ned seks etasjar, då er han i ferd med å nærme seg ein slutt på eine eller andre måten. Store delar av boka grublar han på Alexandria si fortid, på det kjende fyrtårnet, Cleopatra, Marcus Aurelius, Alexander den Store, den greske, romerske, kristne og gamalegyptiske arven og ikkje minst kjenner han seg mislukka som forfattar etter å ha gjeve ut ei dårleg, tynn diktsamling som den gong gjorde at han følte seg heva over den mislukka og tragiske rørleggar-faren, som alltid lukta svakt av kloakk. No er far hans daud, og han har brevet frå mor si i baklomma, men han har berre lese fyrste linja. Litt etter litt ser han likskapar mellom seg sjølv og faren, og innbiller seg også at faren har teke ny forn i ein ynkeleg skopussar i byen.
Mot slutten kjem han til ei grunnleggjande, konkret sanning, og kjøper ei notisblokk og ein penn og skriv at han heilt og haldent er skuld i det sjølv. Han innser at han er ein slik som må miste nesten alt for å kunne gå vidare. Fyrst no kan han kanskje klare å skrive noko av verdi.
Til slutt sit han seg på ein buss mot oasen Siwa. Dit reiste også Alexander den Store i år 331 f.kr, for å konsultere det kjende orakelet. Kva hovudpersonen i boka skal der er uvisst, men iallefall er det ein veg vidare.
Som sagt typisk Sundstøl. Tidvis går det litt treigt, og det blir ein god del gjentakingar og mykje grubling om fortid og notid, men det leiar før eller seinare inn til nokre djupare sanningar. Er elles vanlegvis noko å lære hos Sundstøl. I denne boka særleg om Alexandria og Egypt sin historie.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Alternativ tittel: Korleis avvikle ein velferdsstat.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Eg likte dei fleste novellene, men ei eller to var litt vanskelig å få taket på, mellom anna på grunn av for stort persongalleri, som gjorde det vanskeleg å finne ein raud tråd. Aller best likte eg ei av dei aller kortaste, som handla om ein familie gjennom opp og nedturar, ulike typar jobbar, forretningar og forsøk på å overleve i gode og vonde dagar. Siste setning: Og de fulgte aldri med på nyhetene.
Ei anna historie fortel om ein ungdom som oppdagar rodeo-livet, og vi følgjer han medan han prøver å overleve og kanskje gjere det godt i den beinharde og lite glamorøse rodeo-verda.
Sjølvsagt må eg nemne Brokeback-fjellet, som er soleklart Annie Proulx si mest kjende novelle, men ikkje dermed sagt den beste.
Det heile er både brutalt, vakkert, underfundig og med eit lite snev av magisk realisme. Nokre gode og originale bilder og vendingar gjorde meg glad. Som nemnt tidvis uklar raud tråd for meg. Skildring av dialog og handling som ikkje nødvendigvis fører nokon stad, men eg trur det er meint for å få fram stemning og miljø. Sluttane er gjerne opne og let det vere opp til lesaren å tolke vidare.
Synes generelt fleire bør lese Annie Proulx.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Kjempebra ho Emily!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Flott bok om stjernehimmelen. Ho er no ikkje av nyare dato, kom fyrst ut i 1907, men mi reviderte utgåve er frå 1964. No seier eg ikkje at du som er fødd i 1964 er veldig gamal, men det er no begynt å bli ei stund sidan. 😊 Eg har funne at at forfattar Martha Evans Martin var ein pedagog som ville nå ut til barn og ungdomar med interesse for astronomi. Det var ho som aleine gav ut boka i 1907. I forordet til 1964-utgåva skriv den kjende amerikanske astronomen og astrofysikaren Donald Howard Menzel at han som barn las The friendly stars og boka blei ein viktig motivasjon for han vidare. Derfor stod han bak revisjon og nyutgjeving av boka, sidan Martha Evans Martin døydde i 1925.
Boka tek føre seg i hovudsak den nordlege stjernehimmelen, men går også kjapt gjennom stjerner og konstellasjonar i sør. Vi får lære om dei 9 klåraste stjernene i eigne kapittel: Capella, Arcturus, Spica, Vega, Deneb, Altair, Antares, Formalhaut og Aldebaran. Deretter kapittel om stjerner i Orion, Tvillingane og Store og Vesle Hund. Vidare les vi om kor mange stjerner som finst, korleis dei fekk og får namn, lyset dei sender ut og avstanden til dei. Siste del av boka tek føre seg stjernene i dei dominerande stjernebileta, mellom anna Store -og Lille Bjørn, Cassiopeia, Cepheus, Perseus, Pegasus, Andromeda og Tyren.
Sjølv om boka opprinneleg var skriven for barn og unge, eg vil tru mest for unge, så er det så pass mykje informasjon iallefall i utgåva frå 1964 at det var meir enn nok for meg. Samstundes er språket poetisk og nært. Vi følgjer årstidene, og forfattaren ser opp på stjernene og ned på bakken og knyter årstidene og det nære på bakken til det vakre på stjernehimmelen. Blomar som er å sjå nett på same tid som den og den stjerna viser seg, trekkfuglar som kjem ilag med eit kjært lys der oppe og kva stjernebilete ho kan sjå frå soveromsglaset sitt.
Det er klart at boka ber preg av å vere så pass gamal, men eg likte ho uansett godt og lærte mykje av å lese ho.
Foresten er det på bakerste sida limt inn eit stort, utbrettbart kart over stjernehimmelen.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Vidar RingstrømHildeElisabeth SveeMarit HåverstadHeidiHelena EIngvild SMarit AamdalTanteMamieTine SundalPiippokattaKjell PBookiacKirsten LundHarald KTralteAmanda AHilde Merete GjessingMads Leonard HolvikStig TJohn LarsenTerje MathisenNorahOleGodeminePilarisKjerstiChristofferLars Johann MiljeJulie StensethLisbeth Kingsrud KvistenGunillaGrete AmundsenTom-Erik FallaelmeBjørn SturødEivind  VaksvikAlice NordliSynnøve H HoelAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTove Obrestad Wøien