2012
Ingen favoritt
Ingen terningkast
Ingen omtale
Omtale fra Den Norske Bokdatabasen
Dikta i denne samlinga handlar om å finne kjærleik, om å miste han, og om å leve vidare. Dette er forfattarens første bok.
Omtale fra forlaget
Dikta i denne samlinga handlar om å finne kjærleik, om å miste han, og om å leve vidare. Dette er forfattarens første bok.
Forlag Samlaget
Utgivelsesår 2011
Format Innbundet
ISBN13 9788252178050
EAN 9788252178050
Språk Nynorsk
Sider 99
Utgave 1
Finner du ikke ditt favorittbibliotek på lista? Send oss e-post til admin@bokelskere.no med navn på biblioteket og fylket det ligger i. Kanskje vi kan legge det til!
heilt frå vi er små
har vi teikna hjartet
med bokstavar inni og under, gjennombora av pil
knust eller knekt, vi har teikna det
i skolebøker, på pultar, på jentedoen i
dusjen, i symjehallen, på hender magar bryst vi har
gøymt det synt det fram blitt avslørt
loge, raudna og kjent det banke
pumpe blodet opp mot kinna, øyra, kjent det
varme, brenne, fosse nedover
mot magen mellom beina, det har rasa av garde
gjennom åra med lugging, sparking, lappeskriving
visking, tisking, kyss klapp og klem, dansinga på diskoen
klininga bak skuret, heile tida
har dette eine teiknet
vore det sentrale
frå vi så vidt kunne teikne det
som to skeive øyre
til amorbogane var runda av
i perfeksjon
i møte med medinsinen søkte eg det kliniske
eg ville sjå hjartet
utan metaforar fri for forteljingane
roleg par, medisin - og musikkstudent
søkjer 2-roms sentralt i oslo
leige maks. 8000
ikkje-røyk. gode ref. Tlf. 92063487