Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Medan mor var i Danmark, var eit par nye bøker utkomne på Midtbø forlag. boka av Guri Vesaas heitte TROLLET I BLÅBÆRSKOGEN. Det var ei forteljing om ei lita jente som går i skogen og plukkar blåbær, og rett som det er så...? Nei, førtrollet får tid til å vise seg, bryt eit anna motiv inn og gir heile eventyret ein utenkt vri: MÆN SO EIN DAG RÆISTE MOR TIL DANMARK.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han skulle aldri gifte seg, nei visst. Så eg trudde i grunnen ikkje at det var nokon friar som kom. Men det var det.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

"Her," sa eg, "her set eg oppvaskbalja." - "Hm," sa Tore, "det kan vere bra å vite det, men det kjem ikkje til å få nokon praktisk betydning."

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Elles fanst det nett no ei spesiell forklaring på at han var så produktiv: Fyllepennen hans var framifrå god å skrive med. Men så snart han let pennen stanse ein augneblink, vart det ein stygg blekkflekk på papiret. Altså gjaldt det å skrive i eitt strekk. Ikkje rart det vart mange bøker!

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Nokre timar i lag den dagen og eit par til den neste - det greidde seg. Det var vår i Oslo om det aldri så mykje var først i november. Grøne plener og svarte våte tre i Slottsparken, og Olaf Bulls dikt som vi gjekk og sa fram i munnen på kvarandre:

Husker du forårets tid der -
Emerenze Christence, dit navn være lovet -
Dig vil jeg ømt i rytmer nagle fast!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alt i alt hadde eg hatt eit mangeårig intenst samliv med forfattaren av alle desse bøkene da vi møttest, hausten 1931. Da hadde han òg visst om meg ei stund. Han hadde sendt meg eit fint brev da han hadde lese den første diktsamlinga mi. "Eg vart heilt hugteken av dykkar unge sang," skreiv han. Tenk det, hugteken...

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeHanne Kvernmo RyeHarald KHilde Merete GjessingNinaFindusLailaPiippokattaHildKirsten LundalpakkaDolly DuckRufsetufsaGrete AastorpHildeGunn DuaasKorianderHeleneKristine LouiseArne SjønnesenTine SundalLars Johann MiljeChristofer GabrielsenReadninggirl30Akima MontgomeryflaEvaHilde VrangsagenAnne Berit GrønbechCecilie69Reidun SvensliAlice NordliAnne LiseEileen BørresenG LLisbeth Kingsrud KvistenAmanda AAnn Helen EmgeSynnøve H Hoel