Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

Lykke
Lykkelege hender!
det er hendene dine,
der du går vatnar
og steller med blomar,
og glattar på duken
og ordnar på bordet.

Lykklege føter
er føtene dine,
der dei går att og fram
over golvet -
alltid der du
har bod om å vera.

Lykklege augo
er augo dine,
for dei ser alt
som er vakkert og tyleg.
Dei skin som to soler
på engene mine.

Lykkeleg du
som kan smile så hugheilt,
vera så indarleg
eitt med livet,
mogne i sola
frå blome til frø.

Lykkeleg eg
som du smiler i mot,
eg som du kviskrar
dei mjukaste ord til,
eg som er signa
av kjærlege hender,
og som er lauga av strålande augo.

Lykklege er vi

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

ToveLinda NyrudHeidiTine VictoriaJulie StensethHelen SkogAndreas BokleserTone HTerje N AbuslandHilde Merete GjessingHenrik  Holtvedt AndersenKirsten LundBjørg L.Amanda AAvamgeGodemineReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.