Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Men veit -

Veit at du aldri får kvile
i skuggen av treet du planta.

Men veit
det skal suse i blåsten
og doggi lyse i lauvet
for dei som i dag
er ei dirring i blodet
hjå honom og henne.

For dei som skal reise seg
upp or det varme
vernande morsfang
og ta til å ga
sin vandrarveg
over jord

skal treet ditt suse.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Ennå på vegen

Ennå er du på vegen mot ukjent land.
Du veit ikkje kva som skal møte,
veit ikkje kva som kan hende.
Um du maktar å gå han i til ende,
står ein annans hand.

Veit ikkje kva som er attanfor
neste sving.
Hendingar ventar deg der
eller kjem deg i møte.
Dagar med ljos og skugge,
netter med myrker og stjernor.
Kan hende vàrast du når du kjem lenger,
at du har gått i ring.

Likevel dulpar ei glede
avdi du fekk mod til å halde fram
da alt ville brotne,
da livet det galdt.

Nå står du her ser deg attaende
og takkat for alt.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein draum

Eg drøymde eg la
tanken min naken og levande
nyfødd ned i ditt fang.

Og gav deg ein skimt
av min løynde stad.

Eg drøymde eg la
min kjærleik
som eit lite barn
inn i armane dine.

Eg drøymde eg braut
ei grein.
Ville gje deg ein blome.

Men eg gav deg ein stein.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

Tone Maria JonassenSigrid Blytt TøsdalLars Johann MiljeAnita NessBeathe SolbergDemeterBerit RKirsten LundAnn ChristinSynnøve H HoelCamillaMarit AamdallittymseIngebjørgDaffy EnglundFiolIngeborg GElisabeth SveeLilleviHeidiEirin EftevandKjell PHarald KAnette SFlettietteMonica CarlsenMads Leonard HolvikEgil StangelandPiippokattaMarenMarianne AugustaritaolineIngvild SRufsetufsaJanne Kristin HøylandReidun Anette AugustinLinnMarianne  SkageVannflaskeStig T