Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
...ho var på mange måtar den ideelle felle og bibliotekar: Ho var ung og presentabel, og ikkje åt ho kvitlauk eller skalv på handa, ikkje leid ho av sure oppstøyt, hissig gemytt eller andre formar for eksentrisk eller antisosial atferd heller.
-ifølgje hennar rangstige plasserte ein bibliotekar seg så vidt under sosialarbeidaren og så vidt over bussjåføren; ja det var knapt ho greidde å få ordet "bibliotekar" over lippene. Når nokon spurde, kunne ho fortelje at Israel arbeidde " innanfor informasjonstenestene".
Men sånn var no alt denne vogna, og du vart jo van med ho til sist, og så lenge du passa på at det var nok olje og nok trykk i dekka og nok vatn, og heldt dørene smurte med vaselin og hugsa på å ikkje ha fullt trykk på pumpa når du fylte tanken, og hadde eit par ekstra viftereimer om bord til ei kvar tid, og altså ein trufast og interessert mekanikar for hand på full tid, ja da gjekk det meste som smurt. Ho kravde litt meir stell og vedlikehald enn Honda Civicen til mor til Israel heime i London, men så kunne du heller ikkje få to tusen bøker og fullt justerbare hyllesystem inn i ein Honda Civic.