Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

At

At noko er.
At eg kan sjå det.
At eg tenkjer dette.

At alt ein dag tar plass
i eit knappenålshol
som svinn

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Åleine

Her er vi åleine.
Her ser ingen oss.
Her kan vi gjøre kva vi vil,
det vi aller helst vil.

Men det gjør vi ikkje.
For vi ser oss.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Endå ein bror i naud

Eg kan ikkje leve med ho,
sa han, og eg kan ikkje
leve utan ho.
Kva skal eg gjøre?
Trur du eg kan leve
med halve ho?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alt eg skulle gjort

Alt eg skulle gjort,
som eg ikkje gjorde.

Slikt gneg.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Surdeig

Slik surdeigen kan vare
gjennom hundrevis av år
ved at ein rest heile tida blir halden tilbake,

slik tenkjer eg på deg litt kvar dag,
så du aldri blir heilt
vekk

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

VannflaskeHarald KKirsten LundHildeHeidi HoltanEster SAnne-Stine Ruud HusevågToveNicolai Alexander StyveTone Maria JonassenSilje HvalstadIngeborg GJohn LarsenKristin_Sigrid Blytt TøsdalEirin EftevandHilde Merete GjessingHilde H HelsethIngunn SsiljehusmorTove Obrestad WøienAgnesJoakimVibekeLene AndresenDaffy EnglundKorianderBjørg L.Aud Merete RambølAstrid Terese Bjorland SkjeggerudElisabeth SveeStein KippersundEli HagelundNinaMorten JensenalpakkaEirik RøkkumPiippokattaBeathe SolbergSigmund