Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

Dråpar sprett frå elva
og vert til sprø is langs kantane
Innanfor er eit landskap for snø

Eg går over markene i ei blå kåpe
På armene ber eg tunge korger
fulle av vinterfrukt

Når våren kjem
vil spora mine smelte fyrst av alt
verte til grøne opningar i snøen
Noko kjem til å vekse der

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Den sommaren leiken stilna
mellom epletrea i tunet
skar vi bokstavane våre inn
i kvar einaste stamme

I såra pipla sevja langsamt fram
Vi la tungene våre mot borken
og saug i oss den bitre smaken
av rått tre

Heile hausten seiv gylne perler
i rader nedetter trestammane
Sola hang fast i den mjuke kjernen
medan epla fall og fall

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundVannflaskeHanne Kvernmo RyeEster SElin FjellheimToveTove AlmaReidun SvensliAmanda AAgnete M. HafskjoldHanneReidun GranberggretemorAud Merete RambølAnne-Stine Ruud HusevågHarald KLailaRonnyAnniken RøilPiippokattaTheaAstrid Terese Bjorland SkjeggerudNicolai Alexander StyveVariosaIngunn SVigdis VoldEli HagelundedgeofawordsiljehusmorTone SundlandFarfalleLinnDemeterGodemineMorten MüllerMarit HåverstadTone Maria JonassenPirelliSynnøve H HoelKoriander