Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

….det kunne godt seiast at ho hadde vore den einaste kvinna i livet mitt, ikkje at ho røynleg hadde vore det, sjølvsagt ikkje, berre i tanken min hadde ho vore det, aldri anna, og for alt eg visste var det òg kanskje best slik, at det vart varande slik, for det vart noko heilt anna når ho var røynleg til stades, som no i båten min, tenkjer eg………

Godt sagt! (4) Varsle Svar

…men støtt før eg siglde til Bjørgvin pla eg då alltid stussa skjegget, og då pla eg òg alltid klyppa håret mitt, og frisyren, om det no så kunne kallast, var enkel og grei, eg strauk alltid håret bakover og klypte det av bak i nakken best eg klarde, fyrst rett over, og så freista eg skrå det litt, fyrst på den eine sida og så på den andre, den som åleine var fekk klara seg best han kunne, for eg kunne då ikkje gå på bygda og spørja om einkvan ville klyppa håret mitt, eller kanskje be om at einkvan berre skulle stå bak meg og seia til meg korleis eg skulle klyppa, nei då var det både enklast og best å gjera det sjølv endå om det nok då kunne henda at det vart noko stuttare på eine sida enn på hi, slik fekk det då heller berre vera, det var ikkje så viktig, sett framanfrå såg det jo slett ikkje så verst ut, og det var då det viktigaste, korleis eg såg ut bakanfrå var mindre viktig, ……..

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Sist sett

LaddenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudKirstenSynnøve H HoelReidun SvensliHilde H HelsethJohn LarsenBente NogvamarithcStine SevilhaugTurid KjendlieHeidi LStig TAvaLilleviKetilKarin BergTone Maria JonassenKristine LouiseJan-Olav SelforsRandiEivind  VaksvikgretemorHarald KLene AndresenPiippokattaOdd HebækLiv-Torill AustgulenAkima MontgomeryHarald AndersenGroSolveigFrankMads Leonard HolvikEllen E. MartolAnne-Stine Ruud HusevågEgil StangelandHallgrim BarlaupEmil Christiansencanis