Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Vi er berarar av eit medvit større
enn oss sjølve, større enn livet,
det er krossfestninga, orgelpunktet
som tonar gjennom røyndomslaga --
for kven ber vi ordet? Kor? Det veit
vi ikkje, vi er dømde til ikkje å veta
til ikkje å tru, berre slik kan vi
føre ordet fram og fullendast som
berarar av lys, av menneske
Tida rullar forbi som ei bølgje, ein
flytande katedral av klangar, kvart
andedrag speglar skapninga i eld
og is, pilgrimsgangen til paradis
tapt, bogar og kvelv av liv vovne
i hop i djupe pedalregister, kontrapunkt
av lengt og kvide, og over det heile
ein himmel av kjærleik, finstemde
fløytetonar, sfæriske harmoniar
OM ALLE LAND LÅG AUDE
Då mørkeret kom over oss
fatta vi det først ikke
at morgongryet si tid var over
at fuglesongen si tid var over
at krokusen ved kyrkjeveggen
frå no av ville hoste sot
Framleis hender det ein høyrer
det nokon seier er Bach der innanfrå
men ingen veit kven som spelar
om nokon spelar
om berre vind ular
i ruste anleggsrøyr
Ingen klarar meir å skilja
dei to orgla frå kvarandre
det barokke instrumentet til Guds ære
og hylinga frå sundslitne strupar
i Syria, Palestina - tungindustriens brøl
frå oljebrønnar og jetmotorar
Då mørkeret kom over oss
gløymde vi å be, gløymde vi
skilnaden på kysset og valdtekta
Og krokusen gløymde farga si
pusta fridom til cyanid
i sin fotosyntese av angst