Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Brått slår tanken om dei daude hestane i meg. Det mørke blodet i snøen. Det gapande jordsvarte holet etter eg hogg hestehovudet av. Augo til gutungen. Tenkjer på jordfestinga. Ingen av dei lever meir. Likevel har eg to ungar i hus. Ei evneveik på loftet. Ein mager gutunge i kjellaren. Kva gjer eg med dei? Ser ned på Gydje. Livlaus. Æveleg tagal. Lagnaden tek oss inn. Kvifor drap eg ikkje mor? Det gjorde godt korleis ho rotna vekk på heimen.
– Me stengjer denne dagen inne. Låser han inn i oss sjølv. Som om han aldri har vore. Høyrer du? Me låser dagen inn. Opnar han aldri att.