Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Det var like spennande å leike gøymsel mellom betongblokkene som i skogen. Sånn sett har eg trua på mennesket, eg trur at vi kan tilpasse oss alt. Eg trur ikkje det er meininga at vi skal gå rundt i varehus utan vindauge, men når vi først gjer det, kjennest det like naturleg som å gå på jakt i skogen. Eg trur heller ikkje det er meininga at vi skal sjå folk ligge med kvarandre på internett, men når nettpornoen først er her, har millionar av menneske forveksle han med sex.
Du er jo ikkje i himmelen. Men eg ser etter deg kvar gong skyene får ein spesiell farge eller snøen kjem på eit uventa tidspunkt. Er deg deg, bror? Eg veit at du berre finst i meg og dei som kjente deg. Du finst i bøkene eg plukka ut av bokhylla di, i koppen din som eg drikk frå kvar morgon. Du finst i papirengelen eg sette i vindauget ditt. Du finst i gåsungar om våren, fordi du hadde gåsungar i kransen din. Eg møter deg ofte i søvne, eller i dei få sekunda frå eg vaknar til eg er bevisst. Då ser eg deg i det siste rommet. Eg spør om du vil halde i handa, og du seier ja.
Ein kunne sjå på blikket deira at dei var mødrer. Det finst eit eige mammablikk, det går både innover og utover på same tid.