Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Enda så rasande vi kunne bli på kvarandre, tenkte eg på slike diskusjonar med eit slags vemod, der eg lå og halvsov på sofaen, dei minte om ei tid som var borte, og som eg ofte tok meg i å sakne. Berre orda vi brukte; klassekamp, klassefiende og klassebevisstheit, demokratisk sentralisme, proletariatets diktatur, historisk materialisme. Vi brukte desse begrepa med den største sjølvfølge, og vi kunne naturlegvis ikkje forestille oss at vi, eller rettare sagt eg og alle andre på min alder, berre åtte, ti år seinare, aldri i livet ville ha funne på å uttale dei same orda utan å vere ironiske. Eller at dei få år etter det igjen skulle gli ut av språket og så og seie bli borte. Nesten som gamle menn med hatt. Som skrivemaskiner, korrekturlakk, videospelarar, opptakskassettar eller skvettlappen på bilar, tenkte eg, idet Therese kom inn på stua.
... eg kjente på ei takksemd som på ein eller annan måte sette meg i kontakt med ein søskenkjærleik eg ikkje hadde følt på mange år, og like før vi skulle til å avslutte arbeidsdagen, kom eg til å tenke på ein forskningsrapport eg hadde lese for ein del år sidan, og som eg såg for meg at han ville bli glad av å høre om; det handla om hjerterytmen til kroppsarbeidarar. Det var velkjent at hjerta til folk som song i kor, begynte å slå i takt mens dei song, men denne forskningsrapporten viste at det same skjedde med folk som arbeidde fysisk saman; etter ei stund begynte rett og slett hjertet til kvar enkelt å slå i takt med resten av arbeidarkollektivet.