Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Menneskeblikk
– ein takk til elevar
du møter meg kvar dag
kjem mot meg
ser min veg
sjeldan er du borte
eg er der for deg
du treng meg
sjølv om du ikkje veit det
du har ein rett
rett til å kome kvar dag
til å bli sett og høyrt og forstått
rett til å få vere og rett til å få lære
rett til å smile
til å meistre
danse og gråte og le
på ditt vis
du har rett til å protestere
klage og syte og seie nei
på ditt vis
du har rett til
at vi stør deg i ditt liv
den tida du er hjå oss
min jobb er å gje deg
dette du har rett på
gje deg ei visse om menneskeverdet
slik at du er trygg i eige liv
det vidunderlege er at når du kjem inn
og ser på meg med dine auge
då gjev du meg
det eg ikkje har rett på å få
men som gjer meg så endelaust
urimeleg glad
dine auge på meg
gjev meg min eigen verdi
dine auge fortel
at vi har noko saman
du gjev meg ditt menneskeblikk i gåve
eit menneskeverd veks
gjennom slike auge