Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 1 av 1 sitater

“Jósefów,” sa eg. “13. juli 1942. Elddåpen.”
Den gamle forstod framleis ikkje. Ville ikkje forstå. Ville ikkje at den gode dagen skulle bli øydelagd. Klamra seg til den skjøre lykka. Eit ordna og føreseieleg liv. Pensjon. To rom og kjøkken. Balkong. Fem minutt til mjølkebutikken. Nok til mat, kjøtpålegg i helgene. Fem minutt til busshaldeplassen. Kvar laurdag på kneipa. Annankvar sundag til dottera, annankvar sundag til sonen. Og stundene han levde for: føremiddagene med veslejenta. Barnebarnet. Barnearmane rundt halsen. Barnekinnet mot hans eige gammalmannskinn. Meining. Og framfor alt orden, Orden, ORDEN. Alltid gjera dei rette tinga for å halde tankane borte. Han grudde for nettene. Då kom dei forferdelege draumane.
“Jósefów,” tok eg opp att. “Eg skal hjelpe deg å hugse.”

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Andreas BokleserNorahStig TPrunellaMarkus IngebretsenRufsetufsaPiippokattaKarina HillestadSynnøve H HoelRoger MartinsenIrene KnudsenPer LundHarald AndersenKirsten LundAnne Helene MoeToveAnneWangCathrine PedersenMarenKikkan HaugenAnneIrenelesergretemorCarine OlsrødHarald KAnne Berit GrønbechBård StøreStian AxdalGunn DuaasHegeArne SjønnesenalpakkaJulie StensethJan-Olav SelforsAnne-Stine Ruud HusevågLeseaaseSigrid NygaardIngeborg GThomas Røst StenerudEgil Stangeland