Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Kven kan sela at det beste diktet
ikkje er skrive på eit utdøydd språk,
eit som berre ei fragmentarisk ordliste
og litt luftig grammatikk enno finst att av -
eller eit som slett ikkje kan uttydast,
eit som den eldste kalligrafen,
han med dei lengste neglene,
tok med seg ut på vandring.
Kanskje står det rita på ein stein
mellom tusen steinar i fjæra,
eller kanskje vart det sunge, aldri skrive?
Om eg no vender det lydvare øyra til
og lèt dei uskjønelege orda
finne sin eigen veg i labyrinten,
då, kanskje, glimtvis-
gøymt i koret.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Falle inn i orda dine
som utfor ein skrent,
som eit tre i stormen
dreg med seg grunnen
og alle røtene,
sperrar vegen,
opnar landskapet
for ny skog,
for neste vår

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Om du døydde før eg kom hit,
faldar eg dei luftige åra pent saman,
gjev ordet til skogbotnen, til augo på rypa..
Nikkar kanskje til deg på veg forbi.
Det menneskelege er ein liten sprekk i berget,
eit søkk i tida: Det enklaste språket så tungt
å snakke flytande, sjølv om vatnet
ustanseleg renn over og igjennom det,
holar det ut.

Om eg døydde før du vakna,
står du ein morgon i ein forlaten verkstad,
dreg fingrane langs tomme soklar, halvferdige
kroppar, trestokkar fulle av løynde dyr.
Korleis få auga på dei, langt der inne?
Knuste andlet spreidde ut over golva.
Sol på støvet- du leitar etter reiskapen.
I graset mognar froskens grøne ungdom
like fordømd.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Per Åge SerigstadPiippokattaAmanda AGrete AastorpBente NogvaBenedikteLisbeth Marie UvaagTone HTurid KjendlieKirsten LundLeseberta_23DemeterStine AskeMaikenHilde VrangsagenHarald KHege H.Christoffer SmedaasHanne Kvernmo RyeJarmo LarsenLinda RastennefertitiEllen E. MartolRoger MartinsenTor-Arne JensenMargrethe  HaugenTove AlmaMcHempettStian AxdalEgil StangelandVivian M.PrunellaReadninggirl30LailaÅsmund ÅdnøyBerit RVibekeTheaIngunn SLars Mæhlum