Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Og så ligg ho der og høyrer sjøen prikla mot båten og ho fell
inn i den lette duvinga og varmt og godt det har
ho det der ho ligg, i denne kalde kvelden, og ho
ser opp mot dei klåre stjernene og mot det rundt
lysande månen.
No byrjar livet, seier ho
No seglar me inn i livet, seier han. Det er godt å liggja her, seier ho
Godt du har det godt, seier han
Ja me har det godt, seier ho.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og så sit Alida der og græt inntil Asle og han veit ikkje heilt kva han seia skal, kva han
gjera skal, kvar han skal gjera av hendene sine, kvar han skal gjera av seg sjølv og så
legg han armane sine kringom Alida og så held han henne inntil seg og så sit dei der
og kjenner på kvarandre og dei kjenner at dei høyrer det same og dei kjenner at dei no
svever saman og er saman i svevet […] og så seier dei ikkje noko og alt er avgjort og
det er ikkje noko som korkje skal eller bør seiast, alt er likevel sagt og alt er likevel
avgjort.

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Og Alida går bort og legg seg ned attmed han og han tek armane sine rundt henne og
han held henne inntil seg […] og så forsvinn dei inn i kvarandre og berre vinden i
nokre tre kan svakt høyrast og dei er borte og dei skjemmest og dei drep og dei
snakkar og tenkjer ikkje lenger og så ligg dei der på Knausen og dei skjemmest og dei
set seg opp og så sit dei der på Knausen og ser ut mot havet.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og når den andre, den som blir elska, seier at ho òg elskar han og elskar med han, og
han merkar den totale overgjevinga: då er han lukkeleg, og tida stansar, og
augneblinken blir evig. Og han vil aldri gløyme, aldri. Om han kjenner seg elska, er
det nok for han å vekkje til live dette minnet for å kunne herde ut kva det skal vere,
framføre kva smerte og kva vanske som finst. Der vil han finne ein tilfluktsstad, der
finn han ei kjelde til alle ønske.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Og så legg han armane sine kringom Alida og så held han henne inntil seg og så sit dei
der og kjenner på kvarandre og dei kjenner at dei høyrer det same og dei kjenner at dei
no svever saman og er saman i svevet og Asle kjenner i seg at han bryr seg mykje meir
om Alida enn om seg sjølv og at han vil henne alt godt som i verda finst til.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

[...] og han spelar og spelet lyfter seg, og det lyfter han, og det lyfter henne, og så flyg dei saman i spelet bortover i lause lufta og dei er saman som ein fugl der kvar av dei er ei vengje, og som eitt flyg dei over den blåe himmelen og alt er blått og lett og blått og kvitt [...]

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Det er godt å liggja her, seier ho
Godt du har det godt. seier han
Ja vi har det godt, seier ho
og så høyrer ho sjøen koma, og sjøen gå, og
månen lyser og natta er som ein underleg dag og
båten sig og sig framover, søretter, langsmed landet

(fra "Andvake")

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Sist sett

Dolly DuckAvaRandiAElisabeth SveeJoannHilde H HelsethKirsten LundStine SevilhaugKathinka HoldenTove Obrestad WøienJarmo LarsenAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseIngunn ØvrebøHilde Merete GjessingritaolineElin FjellheimRufsetufsaTonesen81Synnøve H HoelEivind  VaksvikMarteSverreReadninggirl30FredrikIngunn SJon Torger Hetland SalteVegardSilje BorvikBertyBjørg L.Beathe SolbergLisbeth Kingsrud KvistenIngeborg GVibekePirelliTheaLars MæhlumAgathe MolvikAlice Nordli