Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 9 av 9 sitater

Kari Aga Han sa noko fint til meg ein gong, eg måtte skrive det opp, han sa at dette livet er som eit plagg, det vakre finst på utsida, men varmen finst inni.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

For byfolk var fjorden ein illusjon, eit rekreasjonsområde, ein stad som knapt eksisterte før dei sette seg i bilen fredag ettermiddag, og som dei forlet igjen søndag kveld for å returnere til liv der dei resten av veka skrytte av naturen og roa og det enkle livet.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Dei nye husa var reist på høgder og toppar og knausar, dei stakk liksom hovudet opp og ropte. Her er eg! Her borte! Sjå på meg! Dei gamle husa låg i dumpar og søkk, i viker og skuggar, folk ville beskytte husa mot vinden og regnet, redde dei frå tida og forvitringa, dei husa var bygd med ein kunnskap om denne delen av verda, som ein bare kan tileigne seg ved å vere her, ved å bli verande her.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Han har lært at kvar einaste dag treffer lyset fjorden på ein ny måte, sjøen kan vere lys og gråaktig, eller sjøen kan mørkne ein vinterdag, bli svart som heimebrygga øl, ein morgon etsar sola seg inn i landskapet, får fjorden til å sjå ut som om han er av lettmetall, og ein augustmorgon blir himmelen lat og tilfreds mens sjøen får ei seig ro, ein januardag kan vinden piske og snitte kvite striper i ei tjukk vassflate, no og då blir sjøen irritert, han kastar opp skum og grøn galle. Men det skjer aldri på same vis, den same dagen kjem aldri to gongar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Tida tar til den dagen ein blir fødd, litt etter litt blir ein sterkare, veks seg høgare, klokare, raskare, meir artikulert, så kjem den langsame nedstiginga. Ein blir svakare, saktare, meir utsett, mindre lysten på å prøve ut ting. Dette veit han no. Det tar til langsamt, og det sluttar langsamt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Alle desse siste gongane. Slutten er aldri slik du tenker deg, og slutten er alt, er han ikkje? Det kjem ein siste gong du tar dotter di på skuldrene og ber ho gjennom skogen. Ein siste gong du går opp fjellsida og ser ut over det landskapet som er ditt eige. Ein siste gong du går på butikken for å kjøpe brød og mjølk og smør. Ein siste sommar. Eit siste bad. Han hadde flote på ryggen der borte i august, sett opp på ein blå himmel og nokre kvite skyer som var krita opp, han hadde sete på det varme svaberget, lukka auga og lytta til klukkinga frå fjorden.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Ein gong var han mannen som kom med avisa til folk langs fjorden, han serverte dei krigar, brannar, drap, vêrmeldingar, valresultat, fotballresultat, tilbod på bilar og dressar og fjernsyn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Tre generasjonar hadde passert gjennom desse romma, hadde flagra rundt som insekt, hadde fylt etasjane med lydar av lov og glede.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Tore HalsaAleksanderToveAnniken RøilBeathe SolbergDemeterElin FjellheimPer LundAkima MontgomerySigrid NygaardJørgen NTorill RevheimAndreas HesselbergPiippokattaLene AndresenIreneleserEli HagelundReadninggirl30Kirsten LundEvaTine SundalBård StøreHanneStig TVannflaskeVibekeGodemineGro-Anita RoenBjørg L.Jane Foss HaugenAnne Berit GrønbechMartinNorahAstrid Terese Bjorland SkjeggerudRuneGro Anita MyrvangHilde H HelsethEllen E. MartolRoger Martinsengretemor