Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

VINTERSONG

Det finst blomeenger
som vaknar sakte av vintersøvnen
og helsar deg med lysande
kronblad.

Det finst heiar med lyng og molte
og fjell med spor av sol og stormar,
slik også kroppen din er merka
av liv.

Det finst vindar
som kan dansa inn i sjela
og ta deg med til nye hemmelege
moltestader.

Det finst ein kjærleik
større enn våre skrøpelege kroppar
som kviskrar med vind og regn og
milde strålar av sol:

Eg veit om di smerte
alle gleder, alle sår.
Eg veit om dine skjøre håp.
For du er elska.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

14

Eg er Hannah,
fødd i Königsberg,
flyktning i New York.

Eg er ein framand,
eg er heime
i denne såra verda.
Eg er framme,
eg er på veg.

Eg bur i kroppen,
i språket,
det gamle,
det nye.
Leitar
etter ei meining
meir enn ei sanning.
Å forstå
er å skjøna med hjarta.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

BARN

Eg var eit barn.
Mor var ei sol.
Far var ein storm.

Ho sydde ein latter
inn i falma gardiner.
Han bles ein kjærleik
ut i rommet.
Eg flaug gjennom tidene.

Så vart det stilt.
Så vart det natt.

Eg var eit barn.
Lammet vart slakta
utanfor huset.
Eg gøymde meg under
den raude duken.
Nokon skar sola i bitar.
Eg fall gjennom
den eldgamle natta.

Eg var eit barn.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Ole Jacob OddenesHarald KAnette SRavnEster SStig TMalinn HjortlandAud- HelenHeidi BTheaTuridmajaBente L.RufsetufsamgeTor Arne MyklebustSilje-Vera Wiik ValeRolf IngemundsenTherese HolmMarianneNsveinTheresesiljehusmorTor Arne DahlKirsten LundCecilie69Ingunn SNtotheaCathrine PedersenWenche VargasAkima MontgomeryBjørg Marit TinholtReidun SvensliAnn ChristinBente NogvaIngunnJChristofferJohn LarsenSynnøve H HoelGrete AastorpChristin Sillibakken