Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

NÅR DAGEN

Når dagen til skyming skifter
eg høyrer ein lystig song.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg har levd ein gong.

Når dagen til skyming skifter,
eg høyrer ein vemodssong.
Eg les mine eigne skrifter
og veit eg skal døy ein gong.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

SLAVAR

Eg kan ikkje anna finne enn det eg alltid fann:

Mannen er slave av kvinne, kvinna er slave av mann.

Svarte er slavar av kvite, kvite er slavar av svart.

Dei som kan slå og bite, er føre til litt av kvart.

Somme er slavar av flaska, Herren forbarme dei!

Andre av pengetaska, Herren forbarme - nei!

Slavar, slavar er alle, slavar på sjel og kropp.

Svepa skal alltid knalle, knalle frå rot til topp.

Keisar, konge og pave er slavar av gamalt prent.

So gjorde dei Gud til slave nagla til to testament.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

ChristofferTine SundalOleTatiana WesserlingKirsten LundHarald KAvaTherese HolmKine Selbekk OttersenLene AndresenBerit REivind  VaksvikTone Maria JonassenEster SHanneLailaCecilie69Morten GranheimTor Arne DahlVariosasomniferumHilde AamarithcJane Foss HaugenRandiVannflaskeAnette STanteMamieHilde VrangsagensiljehusmorIngvild SLeseberta_23IreneleserKaramasov11Geir SundetKari-AnneLilleviCicilie FagerlidRandiTor-Arne Jensen