Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

FUGLEKONGEN

Fuglekongen er så liten at du ikkje merkar det
om nokon puttar hundre fuglekongar i ryggsekken din.
Men når du opnar sekkelokket, blir du overraska.
To hundre venger piskar deg i andletet.
Hundre små nebb opnar seg og skrik.
Eller syng dei?

Ein fuglekonge kan nesten få plass i øyret ditt.
Er du sikker på at du ikkje har eit fuglekongereir i øyret?
Ja, det kan du vere sikker på,
for fuglekongen syr det finaste reir av spindelvev og mose.
Han henger det opp i ei gran.
Du får sjå etter i juletreet ditt.

Kanskje er fuglekongen like tung som stortåa di.
Det kjem an på kor stor stortå du har.
Fuglekongen er Europas minste fugl.
Du har kanskje ikkje Europas største stortå?

Men også dei små kan vere sterke.
Hugs på det når nokon seier du er liten.
Fuglekongen kan flyge over havet heilt til England.
Det kan ikkje stortåa di.
Du høyrer ikkje kva eg seier?
Kanskje har du likevel ein fuglekonge i øyret?
Best å sjå etter.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

MAUREN

Veit du kva mauren er? Han er maur. Meir maur enn dei fleste andre.
Akkurat som du. Du er meir du enn alle andre i heile verda.
Du har sikkert tråkka på tusen maur i ditt liv.
Men slapp av. Det er mange igjen.
Fleire enn du kan telje, fleire enn statsministeren og kongen kan telje.

Har du maur i rumpa? spør dei vaksne når du er uroleg.
Men veit dei vaksne eigentleg korleis det er å ha maur i rumpa?
Neppe. Du kan hjelpe dei.
Putt hundre maur i trusa til mamma og pappa.
Dei vil danse som du aldri før har sett dei danse.
Om dei ikkje har jobb, kan dei no få jobb som ballettdansarar.
Eller songarar. Dei vil synge songar du aldri før har høyrt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

DemeterPacosiljehusmorgretemorBjørg RistvedtHilde H HelsethStig TJarleLeseberta_23BenedikteHelena EGrete AastorpEileen BørresensomniferumLisbeth Marie UvaagTone HGrete AmundsenAnne-Stine Ruud HusevågKristina Jernstrøm LyseboritaolineKirsten LundCecilie MLailaHeleneEgil StangelandLene AndresenMorten MüllerGodemineHilde Merete GjessingHilde VrangsagenMarit HøvdeInger-LiseIreneleserG LIngunn STerje MathisenCarine OlsrødAneKorianderBjørg L.