Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

eplet

eg bit i eplet mitt
smaken er søt og gul
tennene tygg, tunga smattar

då det første mennesket
beit og åt
av det første eplet
plukka frå det første epletreet
i den første frukthagen i verda

smakte det akkurat likt
det eg kjenner på tunga no?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

stort og lite

nedst i bakken ligg ein gard
tre raude hus og ei bjørk
ved fjorden

sett frå trappa vår
er traktoren i graset
så liten som ein katt

kor langt unna
må noko stort vere
for å bli lite?

korleis kan jorda vere
stor for meg
men lita som eit fugleegg
der ho sviv
i verdsrommet?

Godt sagt! (0) Varsle Svar

på ei trapp

vi er tre på trappa
utanfor huset
trinna er varme av morgonsol

eg sit nedst med eit eple i handa
ovanfor meg søster Sara

øvst ved døra
sit katten Jupiter
han ser på oss
som om han er den einaste
som veit alt

her bur vi

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Emil ChristiansenHilde H HelsethBård StøreNinaBerit RHarald KHilde Merete GjessingDinaMajsenKaramasov11Torill RevheimKirsten LundRufsetufsaLisbeth Marie UvaagBente NogvaNicolai Alexander StyveJulie StensethCarine OlsrødIngrid HilmerChristofferMonica CarlsenMartineandreas h. o.Hanne Kvernmo RyePiippokattaGro-Anita RoenBertyBjørg Marit TinholtLisbeth Kingsrud KvistenMarit HåverstadNina GLabbelineIngunn SArne SjønnesenGeir SundetBjørg L.Reidun SvenslisiljehusmorNora FjelliHallgrim Barlaup