Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Av og til
stig smilet ditt
fram i minnet
slik bordet
ennå er varmt
der tekoppen stod
FEBERFANTASIAR
Me tok oss gjennom kratt av dagar
villniss av kveldar, junglar av år
utan å ane kvar me var på veg
Men mødrene var trufaste ved sida vår
kvar kveld og me trudde fullt og fast
at dei alltid ville vera der
Dei kom med vatn til nattbordet
dersom den oppdagingsreisande
hadde fått feber eller utslett
Den dagen me brått fekk eit glimt
av det uuthaldelege; at dei ikkje
alltid ville vera der
var me ikkje lenger
det barnet me hadde kome inn
i verda som
KVARDAGSKJÆRLEIKEN
Mødrene mata oss og kledde oss og heldt om oss
Reiste oss opp når me fall
Las for oss og fortalde eventyr til hjarta vårt
slik at me skulle halda ut
mørkna i skogen og elva som fløymde over om hausten
Sovna sjølv over halvferdig handarbeid
Nålauga nattlukka av trøyttleik
Snubla i seng halvt inne i draumeland
Fylte av kvardagskjærleiken sitt slit og si glede