Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
like brått
som kirsebærtrea på St. Olavs plass
i byrjinga av mai
mistar sine kvite skjørt
og slepper ut
eit aldri so lite kvin
vert det oppdaga
full spreiing
av kjensler
inni meg
etter deg
rundt halsen til far samlar det seg
hud i fleng
meir enn far har bruk for
finst inga kjellarbu der ein kan lagra seg sjølv
når ein har for mykje
til å ana kvar ein skal plassera seg
men forskot på arv
skal borna få
alt av traume og raseri
er overført til deira konto
ein tjuv sender meg
ein like
ein tommel opp
stel det smilet
du hadde venta på
berre
eit tastetrykk unna
å mista deg
var eg med i Luksusfellen
ville programleiarane
ha fortalt meg
kor mykje tid eg har
brent av
på telefonen
og kor mykje eg skuldar
kreditorane mine
døtrer, familie, vener, deg mi kjære
"My father can't sing, but no one can sing like my father"
Rosanne Cash