Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Eg held fram med å ikkje døy
Men så fint det hadde vore, trass alt, så avslappande, så kolossalt eit framsteg å heller lage færre setningar og sjå meir. Sjå ting som dei er, i staden for å klistre på dette synet alskens kommentarar - det uavbrotne, subjektive, skravlete, innforståtte, innlærte snakket vi produserer utan stans og utan at vi er klar over det eingong. Det ergrar meg, dette vesle babbelet inni meg. Det ergrar meg, og eg misliker det. Eg skulle gjerne tenkt andre tankar enn dei eg tenkjer, for dei eg tenkjer og så mang ein gong har lista opp, er fåfengde, gjentakande og så sjølvsentrerte at det er ynkeleg. Eg skulle gjerne tenkt tankar som var verdigare, tankar eg kunne vore stolt av, altruistiske tankar, for eksempel.
Kjærleiken er komplisert for meg som for alle andre, vil eg tru, men ikkje sexen - sex er alt i alt det menneskelege samkvemmet der eg er mest avslappa og viser meg fra mi beste side. Eg knyter absolutt inga skuldkjensle til sex, sex er ein fristad og ikkje ein avgrunn, og fordervar ikkje mi sjel.
Den som trur seg overlegen, underlegen eller til og med likeverdig med eit anna menneske, kjenner ikkje verkelegheita.
Ifølgje tibetansk tradisjon er dei 49 dagane etter døden mykje meir avgjerande enn dagane som leier fram mot han.