Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Ikkje like musikk? Punktum? Verkelig? Musikk er trass alt både Mozart og barnesongar og Richard Clayderman og gregoriansk song og Metallica og kor og Dua Lipa og didgeridoo og korps og støyrock og kalypso og visesong og EDM og Eurovision og – viss ein verkelig vil strekke begrepet – indie.
Du liker ikkje musikk?
Er ikkje det litt som å seie at du ikkje liker lyd, uavhengig av om det er lyden av fuglesong, bølgjer eller bomber?
Eller vêr. Eg liker ikkje vêr. Det er ei like meiningsfull setning. Hagl, dis, snø, varme, kulde, mild bris, underkjølt regn, strålande sol frå skyfri himmel? Nix. Nei. Liker det ikkje. Ikkje noko av det.
Når du høyrer ein veldig populær song frå ei bestemt tid, då blir du mint på noko om den tida, ofte før du rekk å tenke deg om. Ofte kan minnet overraske deg sjølv også. Musikken kan gjere slikt med oss. Og på ein god dag kan det hende slike plutselige songminne kan sette i gang tankar om kven du var då, kven du er no, kva som har skjedd, kva du har lært.