Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 10 sitater

Hadde det ikkji vore kjekt med eit solcelleanlegg her? spør eg.
Nei.
Koffor ikkje?
Eit stearinlys om kvelden er nok. Det er når du takka nei til meir, fysst då er du eit rikt menneske. Det må du trene på heile livet.
Eg er berre delvis einig. Fleire gonger har eg trøysteshoppa. Det var til stor hjelp.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Du kan ikkji handle heile tide. Dei som støtt går på utpust, går det gale med.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Når nokon har noko å fara med, er det fare på ferde. Sea du, Jon, ikkji har noko å fara med, og har ingenting på ferde, er det heller ingen fare.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kroppen er eit skal; sjela, bevisstheita, personlegdomen flytta rett ut og inn i oss som var rundt og nær han. Kvar gong me tenkjer og snakkar om Ivar, lever han vidare i oss.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kroppen er eit skal; sjela, bevisstheita, personlegdomen flytta rett ut, og inn i oss som var rundt og nær han. Kvar gong me tenkjer og snakkar om Ivar, lever han vidare i oss.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Hugs å leige skuterskyss. Ikkji kjøp skuter. Ikkji få skutersjuka.
- skutersjuke? spør eg.
- Fyri du veit ordet tå det, køyre du inn og ut her heile veten, ein sementsekk, ein tofire, ein tom europall ned, ein vedasekk upp, eit tomt lummelyktbatteri ned, ein søppelsekk upp, eit laken ned for vask, ein ny ostehøvel upp, du slutta å planleggji, for du kan alltids svippe i veg for å ordne alt. Moro er det med. Dermed fær du helder alder ro når du er her, du slutta å gå på skiju, du slutta å gå te fots, du bi overvektig og stivna, tidleg gamal.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Ivar vil truleg heller stryke med, fastfrosen i båten, enn ikkje å fiske desse dagane. Det einaste som kan stoppe oss, er sterk vind, eller brå og brutal død, som Ivar ville sagt.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Ivar liknar meir og meir på ein mink, med fangst som rekreasjon. Han blir lystig og livsglad av drap.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

Fjellet har vore tolmodig lenge. Akseptert elleville påfunn. Sett mennesket miste bakkekontakt. Høyrt oss argumentere, imponere, introdusere, lage masterplan, snakke om Vårherre og evig liv. Synst synd på oss, håpa me skulle rydde opp ein dag. Undra seg over kva det var som dreiv oss, alltid svoltne etter meir. Såg tydeleg at me ikkje passa inn.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

For å koma dit du ska, må du veta kor du kjem frå.

Godt sagt! (10) Varsle Svar

Sist sett

Pär J ThorssonKirsten LundBjørg L.Sol SkipnesEli HagelundAnne Berit GrønbechElisabeth SveeKjerstisiljehusmorMartinLiseChristin SillibakkenMads Leonard HolvikIngeborg GJulie StensethBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudTine SundalKari FredriksenGrete AastorpRoger MartinsenTrude JensenJørgen NAlice NordliFiolTanteMamieEivind  VaksvikAnniken RøilPer LundSilje HvalstadEmil ChristiansenIngunnJLailaBente L.SolHarald KTone SundlandDressmyshelfGro Anita MyrvangVidar Ringstrøm