Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Så koselig, seier Tuva, og han høyrer at ho snufsar.
Er du lei deg, Tuva?
Eg er nesten alltid lei meg, seier ho, men dette synest eg er fint å tenke på, det gir liksom litt trøyst.
At eg dekkjer på, et og drikk av serviset eg fekk av deg?
Ja, fordi ..., setningane stoppar opp for henne.
... Fordi eg tenker på deg når eg dekkjer med serviset, spør han.
Ja, er det ikkje ... litt som å sitte til bords saman?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Du trur eg er redd for å bli sjuk, men det er tvert imot, det er ingenting eg heller vil! Eg har vore frisk heile livet - og no orkar eg ikkje meir! Eg er utsliten av å vere frisk. Eg vil berre legge meg ned i kvite laken, i eit luftig rom, og sove. Eg vil sove så lenge det er nødvendig å sove. Andre kan ta over oppgåvene mine, det er ikkje noko heksekunst, alle kan klare det: Passe ungane mine, gå på arbeid, lage mat. Eg er ikkje det minste bekymra. Eg vil enten sove eller døy, sa ho.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Kamilla må alltid bruke lang tid på realitetane når ho snakkar med Tuva, som Tuva stort sett forheld seg til som irriterande hinder i livet sitt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg trudde vi var saman i eit langt over gjennomsnittet festleg lag, eg kjente glede og snakka fritt, men så - klart som lynet - forstod eg at eg var aleine blant dei. Og det gjekk opp for meg at det er den kjensla eg alltid har, det er sjølve livskjensla, men som eg klarer å gløyme i fellesskap med andre, eller i rus.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Viss ho ikkje kan ha slakk på noko, til dømes ha det rotete heime eller komme litt for seint til avtalar, så kjennest det som å miste seg sjølv, at det liksom er i skavankane ho kjenner seg sjølv.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Berit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie