Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

Ein gong skal eg sjå tilbake
og tenkje: dette livet har eg levd.

Då skal eg gråte elvar.
Då skal eg le fuglar.

Då skal eg sleppe hammen og
flyge over hava som ein tanke og
lande mellom duvande tareblad
som ei stor kjensle av sona vanvit
og trutna kjærleik -

og der, i vatn og sollys
skal det framkallast, endeleg frigjort

frå alt som aldri vart

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg ser meg sjølv, 15 år.
Eg går bort til meg sjølv og tenkjer: skal eg seie noko?

Eg ser ikkje opp, er for oppteken,
ansar meg ikkje.

Eg tenkjer: skal eg rope? Vil eg vite?
Eg dreg berre pusten, formar ord - og teier.
Høyrer på songen. Endrar ikkje orda.

Og legg på ei andrestemme

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg kjem frå ein stad der vinden seier seg sjølv.
Gjer seg ikkje til, seier det han seier så det pip mellom novene, susar i nakne og
krumbøygde rogner, brusar og buldrar, symfonisk og salt.

I sengene vaknar det nakne hjarte. Dei gjer seg ikkje til, vaskast der saltvatn
sprengjer og flør. Står opp i trehus, går knirkande trapper og ser gjennom glas
med gråkvite render på lys som minkar og veks.

Eg kjem frå ein stad der båtar går ut i grålyse timar, der grå mus raslar i gulgammalt
gras. Det finst steingardar der og sprokne, opprivne kystar og sjeler. Folk veit
ikkje kva dei skal seie. Men vinden sier seg sjølv.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bård StøreAmanda AKserinaEllen E. MartolAkima MontgomeryRoger MartinsenKirsten LundHarald KLene AndresenEvaSynnøve H HoelTonjeRisRosOgKlagingPiippokattaJohn LarsenTheaAnn ChristinRandiAgretemorTone HJulie StensethGrete AastorpGladleserDaffy EnglundReadninggirl30MarianneNAvasomniferumBjørn SturødHanne Kvernmo RyeAnne Berit GrønbechHilde Merete GjessingWenche VargasJarmo LarsenKaramasov11MaikenFlyvebladTine SundalLesevimsaNorah