Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

KVA KAN EG SEIE DEG, BARN?

Seier eg: Arbeid!
Kva veit eg om arbeid i di framtid?

Seier eg: Kast deg aldri i armane på den sterke
som vil kle deg i uniform - grøne brune svarte grå gule
eller raude.
Kva veit eg om uniformer i di framtid?
Seier eg: Kast deg aldri i armane på ein religion - den kristne -
muslimreligionen - aldri i armane på Mercur, Venus, Mammon.
Kva veit vel eg om religionar i di framtid?

Seier eg: Rop aldri med dei som ropar
høgast, skrik aldri med dei
som skrik høgast, gråt aldri fordi alle andre græt - le aldri
fordi andre ler -
Kva veit vel eg om skrik eller gråt eller latter i di framtid?

Kanskje kan eg våge meg til å kviskre til deg: Elsk om du kan
elske, og om det fins nokon å elske i di framtid.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

TIL FOSCO FRÅ STINA

Eg blir så aleine i landsbyen når du flyr av garde.
Det er som om du skal gifte deg med stjernene
og skyene og meg og dei store glitrande byar
langt, langt borte.
Eg er sjalu på havet som skal ha deg under seg
på lufta som skal vere deg langt, langt bort ifrå meg!

Godt sagt! (1) Varsle Svar

DU

DU må vere komen til byen!
Eg kan tydeleg sjå det.
Alle hus ligg og smiler til meg.
Dei har forstått at eg elskar deg.

Du må vere komen til byen!
Eg ser det på trea i parken.
Dei står med bivrande lauv,
tar imot kyss frå sol og vind.

Du må vere komen til byen!
Derfor
denne ufattelige glede
frå lyset og lufta
frå seglbåtane i brisen.

Alt er onnorleis i dag.
Det som i går var grånande husrekkjer
er i dag overstrøymt av gull og purpur
frå solnedgangen.

Det som i går var kvardagsmenneske
på veg til bussar og bilar,
er i dag personlegdomar
med indre liv.
Det som i går var trafikk og bråk
er i dag klang frå byens hjarte,
det store som driv alt framover!

Kort sagt: Du må vere komen til byen!

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Da den vonde perioden som ledet frem til skilsmissen og de kaotiske årene etterpå lå bak dem, snakket de begge godt om hverandre. Kjærligheten var ekte, men de klarte ikke å ta vare på den.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

DET LIGG EIT HAV IMELLOM OSS

Det ligg eit hav imellom oss,
mellom deg og meg.

Det ligg eit hav mellom
bringa di og mine bryst.

Men augo set kvarandre stemne på polstjerna
og hjarto kan møtast over bylgjene.

Og vinn du over havet
så er eg løna di

og varme hender
kan leite over mjuk hud.

Men møtet mellom hjarto
over havet er det heilage.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Violeta JakobsenBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingIngunn SAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandHarald KReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangStig TAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaKirsten LundJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrldMarit HøvdeTurid KjendliesomniferumRune U. FurbergChristofer Gabrielsen