Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 6 av 6 sitater

Håpet har ein tendens til å snike seg inn likevel, som den irriterande venninna som aldri skjønar at livet har gått vidare og venskapet døydd, ho er den siste att når festen er over og alle har gått heim, og ho vil på død og liv hjelpe til med oppvasken, sjølv om du seier at du klarar det sjølv, og så ender det med at siste bussen har gått og ho må overnatte på sofaen, og så er du stuck med henne.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Ein stad las eg at mange arbeidsgjevarar testar arbeidssøkarane sine no, store personlegdomstestar om alt mogleg, for å finne ut om dei er bra folk, om dei passar i jobben. Noko så vekkasta. Det einaste dei treng å gjere, er å sleppe ein hund inn i rommet og sjå korleis søkaren reagerer. Om dei gjev seg til å klappe hunden og snakke skikkelig til han, er det bankers, tenker no eg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg trur at når det gjeld desse foreldra våre, må vi kanskje berre la dei vere, ikkje prøve å få dei til å passe inn i vår mal for kva perfekte foreldre er. Dei kjem ikkje til å bli akkurat det vi treng, liksom. Kanskje dei berre må gjere si greie og vi må gjere vår, men så kan vi liksom ha det OK saman likevel. Skjønar du?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Livmora mi er Sylvi Listhaug. Livmora mi har ålesundsdialekt og seier «Steng grensene, her får ingen kome og slå seg ned. Vi har den strengaste livmora i Europa. Livmora vår skal vere så lite attraktiv som mogleg å slå seg ned i. Vi må hjelpe sæden i nærområda i staden.»

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Og brystet mitt vil eksplodere, akkurat sånn det gjorde den dagen han spurde om eg ville være kjærasten hans og eh sa ja og alt låg framfor oss ned doggperler på. Det er ikkje doggperler på ting lenger. Men dei er ikkje vekke. Dei finst en plass i lufte, dogg fordampar når sola stig

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Han forstår det ikkje, han som ikkje har vakse opp med det. Dei som ikkje har lært seg å synge høgt frå dei kom inn døra heime så foreldra skulle slutte å krangle før ein kom, dei som ikkje reagerer på lydar og luktar heilt ut av det blå, som gjer ting dei ikkje forstår fordi kroppen reag rer lenge før hovudet, dei ser ikkje problemet med å berre be far sin på fest

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Bente NogvaAgathe MolvikBjørg L.ConnieMorten JensenEli HagelundTrude JensenTorill RevheimIna Elisabeth Bøgh VigreReadninggirl30Lisbeth Marie UvaagToveThomas KihlmanDolly DuckIrakkLilleviPiippokattaLabbelineTherese HolmHarald KKirsten LundIngunn SKjell F TislevollJørgen NHilde H HelsethcupcakeMads Leonard HolvikSigrid NygaardVegardTone HGrete AastorpLinda NyrudKjerstiHarald AndersenJohn GulfjelletKetilStig TTor Arne DahlLailaSigrid Blytt Tøsdal