Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Så flaut vi ut av syne inn i den umarkerte lufta
og berre røystene våre overlevde
lik tistelfrø som flyg hit og dit
eit blått kom over oss eit blått skydrag
med ein brun skugge som gav sjøen gåsehud
skipet fór av stad men stoppa snart opp
vinden auka på ein kvervlande lyd
og eg er her framleis med min kløyvde vilje
skal eg legge til eller legge ut med halvparten av segla låra
men vatnet har trengt inn i mine tankar nå
eg hugsar masta knekt av kastevind
hugen delt og brotna tvert i to
og kroppen slengde seg som ein dykkar over ripa
så kom det usynlege så det synlege regnet
så iskaldt og skarpt som kniv så grønt så morgongry
som alltid vaknar attom florlette gardiner
med akvarellnatur som stadig skifter farge lik det nye lauvet
og er uroleg først så blyg så bleikraud nesten koparfarga
fingrar omkring og finn restar av klede og bein