Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Åh, for ein by, sa tante Lina til dottera mi, for ein strålande og betydningsfull by: Her har ein snakka alle språk, Imma, her har ein bygd alt mogleg, her har ein slått sund alt mogleg, her har folk ingen tillit til sladder og gjer ikkje anna enn å sladre, her har du Vesuv som kvar dag minner deg på at alle bragder utført av mektige menn, dei mest storslåtte verk, kan elden, jordskjelvet, oska og havet gjere til ingenting på få sekund.
Og dessutan finst det svært få ekte intellektuelle. Størsteparten bruker heile livet på sløve kommentarar til andres tankar.
Var det mogleg at mens eg sat og laga litteratur, var dei [døtrene] i ferd med å gå seg vill?
"Av yrke må eg lime éi hending til ei anna med ord, og til slutt må alt framstå som samanhengande, endå det ikkje er det."
"Men viss samanhengen ikkje finst, kvifor late som?"
"For å skape ein orden."