Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 12 sitater

Halde fram

Ho sveipte vidare.
Tolka menn gjennom bilete og emojiar i den postalfabetiserte røynda.
Ho heldt fram med å gjere ting som ikkje verka.
Det var betre enn å gjere ikkje noko.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Utan sakn
Ein saknar ikkje det ein ikkje treng.
Manglar ein noko ein ikkje saknar, manglar ein eigentleg ingenting.
Det er stor fridom i dette.
Å vere utan, men ikkje sakne.

Den sommaren byrja ho sjå dei.
På bussane, på kafeane, på uteplassane.
Desse mennene som sikkert hadde vore der heile tida.
Nå sågg ho dei. Og alt ho sakna

Godt sagt! (4) Varsle Svar

Dagane
Dagen låg open mot henne og kravde noko ho ikkje hadde.
Ho låg ei stund i senga og stira mot han
Han veik ikkje.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Snapchat
Ho skulle sjølvsagt ha blokkert han med det same han byrja å sende dickpics. Men noko sa henne at dette kanskje var alt han hadde, Ho greidde ikkje sparke nokon som låg nede med smekken open.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Utan sakn
Ein saknar ikkje det ein ikkje treng.
Manglar ein noko ein ikkje saknar, manglar ein eigentleg ingenting.
Det er stor fridom i dette.
Å vere utan, men ikkje sakne.

Den sommaren byrja ho sjå dei.
På bussane, på kafeane, på uteplassane.
Desse mennene som sikkert hadde vore der heile tida.
Nå såg ho dei. Og alt ho sakna.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

DIKTANALYSE

Ho køyrde full diktanalyse.
Granska og tolka alt han nokon gong hadde sagt henne. La vekt på symbolbruk og undertekst.

Heilt utan nokon gong å bli noko klokare på han.

Så fekk dei rett, klassekameratane frå ungdomsskulen.
Ein får aldri bruk for diktanalyse i den verkelege verda.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein saknar ikkje det ein ikkje treng.
Manglar ein noko ein ikkje saknar, manglar ein eigentleg ingenting.
Det er stor fridom i dette.
Å vere utan, men ikkje sakne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Lyttekroken

Dette var jo eigentleg sjukt barnsleg.
I kaffipausane ville dei andre på kontoret sjå kva menn ho hadde
matcha med sidan sist.
Det var nesten som ha-med-dag i barnehagen.
Ho var den einaste som var singel.
No fekk ho i det minste ein viss underhaldningsverdi.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Treffast?

Han sa ho var fin
at han ofte var i byen
at han ville treffe henne att.

Ho trudde ho var fin
at han ofte var i byen
at han ville treffe henne att.

Ho tok alt så bokstavleg, den jenta.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Hopp

Eg kunne introdusert deg for ein singel kompis, sa han.
Men eg trur ikkje han er så gira på å hoppe etter Wirkola.
Sa Wirkola.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Hilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlPiippokattaTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H Helseth