Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

Det er jo ingen som vil høyre om gleda ved å oppdage ein ny sti på Krossen, det er så smått i forhold til dei avanserte forteljingane andre har å kome med, om treningsprogram på SATS som krev kvar ettermiddag, men som gjev fantastiske resultat. Eg fortel at Benjamin har lært seg å opne flasker med skrukork, dei teier stille om ungane sine, og snakkar i staden om langtidskokt lammeskank og flamberte dessertar. Om utruskap. Om gamle foreldre som stiller altfor høge krav. Om vinsmaking som resulterte i fylle fest og ha ha ha. Korleis skal eg klare å endre meg til ei som er opptatt av slikt?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

«Det tar berre femten minutt framfor spegelen kvar dag, så landar du i deg sjølv», seier frisøren i programmet mildt til ein overarbeidd sjukepleiar, for å overtyde henne om at det er nødvendig å stelle håret kvar dag, Hadde dei kome hit og fiksa håret mitt så eg fekk femten minutt ekstraarbeid framfor spegelen kvar dag, hadde eg slått dei i trynet. Nei, eg hadde tatt ei sauesaks og klipt vekk frisyren deira!

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein booster i Candy Crush er for eksempel godteri med striper. Om ein brukar eit godteri med striper på brettet, så gjer ein faktisk kål på ei heil rad, og då har ein kome eit langt stykke på veg. Eg hadde telefonen innstilt slik at han vibrerte litt ved bruk av kvar booster, og det var også tilfredsstillande, det knatra som bruspulver i handa.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Rakel er ein rein streng av plikt, så hardt spent at det ikkje går an å spele på henne.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Folk trur jo dei er avslappa og har låge tersklar, skryter på seg skitne bad og haugevis med enkeltsokkar, men dei likar jo likevel ikkje ungar som mistar kontrollen og riv ned og smakar på pyntegjenstandar og hopper på folk i sofaen.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundPiippokattaEllen E. MartolAud- HelenNinaAlice NordliCarine OlsrødTove Obrestad WøienHanne Kvernmo RyeMarianne  SkageEli HagelundHeidi BHeidiVannflaskeElisabeth SveeHarald KKjersti SGrete AastorpAmanda AJulie StensethChristoffer SmedaasKatrinGSvein Erik Francke-EnersenEmil ChristiansenGro-Anita RoenOdd HebækMarianne MSynnøve H HoelReidun SvensliBerit RgretemorAnn ChristinVibekeAnneWangReidun VærnesToveMarteBjørg L.Mads Leonard HolvikIngunn S