Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
NIGARDSBREEN
ein blåfarge
som ikkje er til
vil fylgja meg vidare
HEIM
kven er du?
eg er
han dei kallar heim, han
som alltid ventar, er
mitt namn, han
som er til stades, nemnest
eg, kvile
er mitt namn, uro
blir eg nemnd, bortanfor
kallar dei meg, før
blir eg kalla, etter
er namnet eg ofte ber, no
eller aldri
kallar somme meg, andre
nemner meg
anten - eller
namna meg
kan den som vil, du
kallar meg
heim, eg
lyder
SMÅ FOLK
små folk
er det alltid nok av
små folk
er dei som bygger bruene
små folk
er dei som andre ler av
små folk
er dei som ryddar vegane
små folk
er utan betydning
små folk
er dei som køyrer bosset
små folk
er dei som blir utnytta
små folk
er dei som vaskar husa
små folk
er dei som blir utbytta
små folk
er dei som blir forelska
små folk
er mine folk
HELSINKI
isbrytarane ligg i
regnbogen utan sol
utan regn
fire bjørnar i ulike
aldrar kviler
ved kai
tvillingane urho og sisu
i svart og saharagult
otso og kontio
i kvitt og blått
du veit dei har krefter
kan bryta
det som brytast skal
den stumpe snuten
den tette overkroppen fortel
alt
finske brytarar
finske spydkastarar hiv
seg framover med all si
tyngd
dampen står av
nakkane deira
fram skal dei
om så havet sprakk
og det gjer det
igjen og igjen sprekk
havet
og vi
etter