Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 5 av 5 sitater

DÅ DU BLEI SKAPT

Natta etter det hemmelege bryllaupet vårt,
då han heldt meg i munnen sin som eit løfte
heilt til tunga hans trøytna og sovna,
låg eg vaken for å halde minnet i live.

Om morgonen tigga eg han tilbake til senga.
For seint ute kyste han anklane mine og drog.
Som ein løyndom blei eg verande i senga hans i dagevis
heilt til mor hans fann meg.

Eg synte henne gullringen min,
eg stod framfor henne naken,
vifta hendene mine i ansiktet hennar.
Ho seig ned på golvet og gret.

I gravferda hans kjente ingen namnet mitt.
Eg sat bak tantene hans,
dei saug på dadlar bløytte i olje.
Det siste han smakte, var meg.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

FUGLAR

Sofia nytta dueblod på bryllaupsnatta.
Dagen etter fortalde ho meg på telefonen
korleis ektemannen smilte då han såg lakena,

at han løfta dei opp under nasen,
lukka auga og drog tunga over flekken.
Ho apte etter barytonen hans, korleis han kviskra

namnet hennar - Sofia,
rein, kysk, urørt.
Vi fniste over telefonknitringa.

Etter at han hadde lovprist henne, smilte ho, ruska han i håret,
førestilte seg mor hans der heime, toge
gjennom byen med desse sirenelakena,

vinke til balkongar, med overkroppen struttande av stoltheit,
armane kjøtfulle venger bundne til kroppen,
utan å vite at dei kunne ha floge.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

HENDENE TIL BESTEFAR

Hendene til bestefar din var brune.
Bestemor di kyste kvar knoke,

ringa inn ei øy i handflata hans
og fortalde han kva område dei skulle dele,
kva delar dei ville la vere i fred.

Ho fukta ein finger for å teikne kvar havet ville vere
på handleddet hans, kyste han der,
kalla havet opp etter seg sjølv.

Hendene til bestefar din var langsame, men innstendige.
Bestemor di drøymde dei,

eit urverk av fingrar som fann stader å eige -
under tunga, kragebeinet, underleppa,
kvelven under foten.

Bestemor di gir fingrane hans namn etter årstidene -
peikefingeren, ei hetebølgje,
langfingeren, regnskur.

Nokre netter er tommelen hans månen,
lagd til kvile rett under ribbeinet hennar.

Besteforeldra dine enda ofte
i mørke rom, der dei kartla
kroppen til kvarandre,

gjorde krav på heile land
med munnen.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

FØRSTE GONG MOR DI BLEI KYST

Den første guten som kyste mord di, valdtok kvinner
då krigen braut ut. Ho hugsar at då ho høyrde dette
frå onkelen din, gjekk ho til soverommet ditt og la seg
på golvet. Du var på skulen.

Mor di var seksten første gong han kyste henne.
Ho heldt pusten så lenge at ho svima av.
Då ho vakna, oppdaga ho at kjolen var våt og klistra seg
til magen, med halvmånar bitne inn i låra hennar.

Den same kvelden vitja ho ei venninne, ei jente
som gjæra vin ulovleg på soverommet sitt.
Då mor di tilstod: Eg er aldri blitt tatt på
på den måten før
, lo venninna, munnen blodraud av druer,
og skaut ei hand ned mellom beina hennar.

Førre veke såg ho han køyre buss nummer 18,
kinnet hans ein opphovna morene, som villvin drog eit arr seg
over munnen hans. Du var saman med henne, heldt ein pose
dadlar mot brystet, høyrde henne sleppe ut eit djupt stønn
då ho såg kor lik du var han.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

DET MOR DI FORTALDE DEG ETTER AT FAR DIN DROG

Eg trygla han ikkje om å bli
fordi eg trygla Gud
om at han ikkje ville dra.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

RisRosOgKlagingRuneFrode TangenJohn LarsenTorill RevheimTor Arne DahlPirelliTurid KjendlieHanne Kvernmo RyeIngeborg GHeidi LTorJulie StensethLiljaTanteMamieJBReadninggirl30Tor-Arne JensenEgil StangelandHilde VrangsagenMarteHarald KIngunn SgretemorSol SkipnesTheaBenedicteBeathe SolbergIreneleserStig TKirsten LundNina J.B.PiippokattaGrete AastorpTone HHeidiRandiHeidi HoltanMorten JensenVibeke