Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

Eg ser deg gå der.
Eg kjenner deg mest ikkje igjen,
noko på utsida har rakna og ei innside
eg ikkje kjende til
har vrengt seg ut

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Når du skriv, vert eg levande igjen,
mens du sjølv døyr litt.

Det står rekkje på rekkje med avlidne
i skogkanten
og lengtar etter å bli sett.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Som å kome heim etter sommarferien:

Er det her eg skal bu

Hagen er solsvidd og brun,
potteplantene visna

Opplevingane har ikkje rokke
å bli omgjorde til minne

Såra er opne,
lenten flyt fritt

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Du lever sterkare enn nokon gong
på stadene der det gjer mest vondt

Godt sagt! (1) Varsle Svar

På veg gjennom byen tenkjer eg
at på det hjørnet stod vi ein gong i regnet,
der er den restauranten, der gjekk vi i tog, eller hand i hand.

Kan livet begynne å gå baklengs,
ende der det ein gong tok til,
i forvirringa mellom to

som ikkje veit
om dei tør bli kjent

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg høyrer deg i døra, når du kjem og går.

Nokre gonger tenkjer eg du er på kaféen,
og vil gå og møte deg der.

Nokre gonger ligg du i sofaen,
ein varm, uformeleg bylt
under slumreteppet.

Nokre gonger er du eit namn
eg prøver å gløyme

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det er på denne ruskete førjulsdagen
det går opp for meg
at nå er vi det einaste som er igjen av deg

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Lisbeth Marie UvaagAstrid Terese Bjorland SkjeggerudVannflaskePiippokattaTore HalsaLinda NyrudKjell PTore OlsenCamillaSiw ThorbjørnsenReidun SvensliAnn ChristinLise MuntheDemeterBerit RAstrid SæverhagenHilde MjelvaConnieBjørn SturødTheaAvaHarald KBeathe Solbergandreas h. o.Ingrid HilmerIngvild STonesen81Hilde Merete GjessingBjørg  FrøysaaHelge-Mikal HartvedtKirsten LundRune U. FurbergLilleviIngunn SCarine OlsrødTralteHanne Kvernmo RyeOleAlice NordliLene Andresen