Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 2 av 2 sitater

..sameininga mellom stat og kyrkje kom til å bli ein dyr
og lagnadstung siger..

Keisar Konstantin 'den Store' gjekk over til kristendomen år 312.
Det var vel mest opportunistiske motiv som dreiv han til det.

I felttoget mot medtevlaren, Maxentius, vedtok han å stella seg
på dei kristne si side. Det kan vel syna at alt då tente mange
kristne i heren.. I slaget skulle det syna seg kven som var
den sterkaste: dei kristne sin Gud eller dei gamle gudar.
Konstantin sigra.
Kristus Victor hadde altså vist seg å vera den sterkaste
krigs- og sigersgud.

I 324 vart kristendomen gjord til statsreligion.
Denne syntesen mellom stat og kyrkje
skapte eit tidsskifte for båe partar.
Det var eit veldig kompromiss,
som kom til å få veldige fylgjer, ikkje minst for kyrkja.

..Men sameininga mellom stat og kyrkje kom til å bli ein dyr
og lagnadstung siger
for den kristne kyrkja.
Det ho vann i ytre makt og innverknad tapte ho som åndsmakt.
Ho vart meir eit rike av denne verda enn Kristi rike på jorda.

Ho har lidi under dette ekteskapet med den verdslege makta
heile tida sidan. ..
Kyrkja kan heller ikke leggja frå seg ansvaret for den etikk
og politikk som staten gjekk inn for.

Under og etter Konstantin gjekk det føre seg ein radikal
endringsprosess i tanke og sinn hjå dei kristne.
Harnack seier at denne prosessen tok til alt i 3. hundreåret
i den latinske delen av kyrkja.
Det vart ei krigsstemning.
Endå om dei ikje preika den "heilage krig" i den verkelege
tyding av ordet før Konstantin, gjekk utviklinga i den leia
og vart til røyndom etter at Konstantin gjekk over til
kristendomen.
Det strøymde mykje heidningar inn i kyrkja.
Dei vart ihuga for den nye trua.
Snart var den "heilage krig" proklamert.
Keisaren sette krossteiknet i krigsfanene [Khi-Rho teiknet]
Det var altså i heren dei fyrst godkjende kristendomen.

Men no endra også 'Miles Christi' (Kristi soldat) karakter,
seier Harnack:
"I staden for ein fredens soldat vart han ein krigssoldat.

Etter Konstantins siger var det ikje lenger nokon skilnad
mellom Kristi soldatar og heren.
Miles Christi stilte seg til rådvelde for keisaren.
Kristi soldat vart i røynda keisarens soldat.
I takksemd for at Konstantin verna og hjelpte kyrkja
nøydde ho sjøl desse Milites Christi til å verte verande i
heren, dei som tente der (Harnack).

Kyrkja gjekk endå vidare. På kyrkjemøtet (bispesynoden) i
Arles år 314 vart dette vedteki: "Dei som i fredstid kastar
frå seg våpna skal stengjast ute frå Nattverden".

Harnack: "I Arles har kyrkja ikje berre mislikt sedvanen åt
dei kristne soldatane før, at dei gjekk ut or heren
for sin kristendoms skuld, men
ho har jamvel straffa denne handling med ekskommunikasjonens
fæle straff.
Med dette har kyrkja proklamert den fulle einskap mellom stat
og keisar på eine sida, og kristendom og kyrkje på den andre.

Ho har ved dette vedtaket endra heilt si tidlegare stode til
her og krig: Kyrkja kasta seg i armane på keisaren då han
hadde bruk for henne."

..Heering seier: "Denne radikale forandring i kristendommens
indstilling til krig kan vi kun se på som et frafald, som
Urkristendommen vilde ha kaldt et Syndefald.
Vi tror, at historien vil gi oss ret heri.

Etter dette syndefald har vi å gjøre med en i denne henseende
udartet kristendom,
som stadig på ny tvinges til å vise at den har svigtet .."

..Athanasius (omlag år 375) seier: "Ein har ikje lov til å
myrda; men i krigen er det både lovleg og ros verd å drepa
motstandarane." (..)

Augustin har sagt: "Den som kan tenkja på krigen utan med den
djupaste smerte må ha mist all menneskeleg kjensle".
Likevel har han grundig og systematisk forsvara retten til å
føra krig. (..)
Når ein les hovudverket hans, 'de Civitate Dei', forstår ein
at han hadde veldig høge tankar om både stat og kyrkje

og trudde på syntesen, slik at det skulle bli ein Guds stat.

..Kampen mot manikæarane spelte også ei rolle i Augustins stode
til krigen. Denne sekta, av persisk opphav, hevda den absolutte
dualisme mellom lyset og mørket sitt rike.
Til mørket sitt rike rekna dei, liksom Tertullian hadde gjort,
krigen.
Augustin gjekk imot dei ved å leggja vekt på den guddommelege
verdsorden. I den hadde også krigen sin plass.

( fulltekst )

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Enda det har vori arbeidd mykje med folkeretten frå
Hugo Grotius til i dag, har folka stort sett levd etter
den kyniske regelen at makt er rett. Den sterkaste
har tvinga den veikare .. Og samkvemet mellom nasjonane
ber tydelege merke etter denne maktmoralen. ..

patriotisme og maktmoral har blanda seg.. slike slagord
som "My country right or wrong" og "Deutschland über alles".

I alle diktaturstatar er det berre det som tener politi-
staten som er rett. .. må vi nok vedgå at alle statar i
røynda er bygt på makt. Ikje rett, men makt er grunnhåtten
(vesenet) åt staten.

Paulus hadde ei optimistisk tru på staten som Guds ordning,
ein Guds tenar til å halde oppe retten og halda det vonde
i taume.
Dette høge synet på staten og den verdslege styremakta har
hatt veldig mykje å seia for utviklinga av rettsstat
innanfor den kristne kulturkrins .. dei verkeleg demokratiske
statane har teki opp i si lovgjeving så mykje av dei kristne
rettstankane at rett og makt er fletta inn i kvarandre slik
at dei ikje kan skiljast åt. Den kristne etikken har gjevi
den demokratiske statsmakta den indre moralske kraft og har
sett grense for maktmisbruk frå staten si side og for anarki.

Men i dei siste 30 åra [1953] har vi vori vitne til at
statsmakta har vorti meir og meir totalitær maktstat i fleire
land. Etter kvart som avkristninga har skridi fram, har folk
mist trua på Gud og agen for hans vilje. Samstundes med
fråfallet er vyrdnaden for det einskilde menneske, skapt i
Guds bilde og med evig verd, vorti borte. Den avkristna
totalitære statsmakta reknar altså ikje med Gud og den evige
verda, ho vil styra over riket av denne verda med absolutt
makt, og reknar ikkje med det kristne synet på mennesket,
menneskeverdet og menneskerettane.
Staten har i land etter land sviki dei høge ideal i Rom.13
som rettsstat og gått over til å bli maktstat som etter kvart
minner uhyggeleg om det statsuhyret som Johannes syner oss i
Openberringsboka kap. 13. Her er det ikje rom for Gud, Kristus,
Ånda eller det kristne mennesket. Mennesket er til berre for
staten som ein sjellaus del i den store statsmaskinen.

..ikje berre i dei totalitære statane: Vi ser tendensen klårt
også i den moderne velferdsstaten, som tek ifrå oss den eine
retten etter den andre. Fridomen vert mindre. Staten freistar
å forma mennesket i sitt bilete gjennom propaganda,
forordningar, skjema, einsretta oppseding ... Mennesket og det
private initiativ og ansvar vert borte.
Organisasjonar har rydda vegen, samla dei ymse grupper under si
makt - og tenkjer og handlar for medlemene. Då er det ein stutt
veg til at staten overtek alt. Mennesket, retten, fridomen vert
borte. Den avkristna staten er difor den farlegaste tyrannen
i dag.. difor er han den verste motstandaren av den kristne
fredstanken også. ( . . . )

Vi veit at FN strevar med dette [rettsstaten]
men heile denne organisasjonen står på veike føter, av di så
mange av dei einskilde statar har så motsett og ulikt retts-
grunnlag. ...

Eit status quo i vår urettferdige verd ville ikje vera noko
brukeleg utgangspunkt for eit mellomfolkeleg samarbeid.
Kvart folk må få sin gudgjevne rett og fridom. Utan rettferd
og rett vert det aldri fred.

/

Folk tek til å verta klår over at vi lever i den eine og
same verda alle, og treng kvarandre. Alle land og folk
ville tena på å samarbeida i staden for å leva i mistru
og strid. Vi må berre ynskja at denne rørsla må rekne med
at vi har ein Gud over denne eine verda. . . .
..Det vanskelegaste vil bli å få fiksert og godteki det
rettsgrunnlaget internasjonalt som er hovudvilkåret for fred
som ikkje-krig. Det kan ein ikkje gjera ved makt, men ved
å gå opp til Herrens fjell og bøya seg for Guds suverenitet
og rett, sjå Jesaja 2: v2..5
Men då går vi over grensene åt det rettfram politiske
området og inn på det spesifikt kristne planet.

/

..at all ufred og krig har djupe røter i menneskesinnet.
Vi kan gå djupare ned i årsakssamanhengen: Attom og i det
vonde menneskehjarta møter vi ei vond åndsmakt..
ein åndskamp attom alle krigar. Den vonde åndshøvdingen ..
tek i bruk slike fine kjensler som fedrelandskjærleik og
den medfødde trong til å verna det vi er glad i, heim og
fedreland.. nærer og nører ufredsånda .. I krisetider piskar
han opp militarismens ånd og stemning...
Ut frå dette synet må vi forstå at det det duger ikje med
menneskeverk å ta opp kampen .. mot hans vonde åndeher ..
kristne som ikje ser klårt .. har lati seg narra inn i denne
djevelske heksedansen.. det skal nok mykje større krefter
enn våre immanente til å omskapa den falne menneskenatur ..

/

se fulltekst hos nb.no

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Sist sett

Anne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetilTine SundalsveinLisbeth Marie UvaagMorten MüllerVannflaskeBenedikteKarin  JensenAnn ChristinbandiniAnneWangEli HagelundSol SkipnesgretemorStine SevilhaugHeidi LIngunn SPer LundStig TAnitaIreneleserHarald KTone SundlandHilde H HelsethIngvild RosslundHanne Kvernmo RyeJulie StensethBeathe SolbergKirsten LundChristoffer SmedaasRandiAstrid Terese Bjorland SkjeggerudMarianne MBjørg Marit TinholtJarmo Larsen