Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 7 av 7 sitater

KVINNENE I KULTURLANDSKAPET

Same kor mykje bestemor mi fôra og klipte sauer, mjølka kyr, mòka
møkk og lempa stein, så var det ingen som kalla henne bonde, ho var
kvinnfolk, kjerring, ein sjeldan gong dame eller kvinne om nokon jåla
seg til i språket

Dei går føre meg langs potetrendene, med grev og skaut og stakk og
dårlege sko, drar potetris og grev varsomt ned i jorda. Ei striglar hesten, ei
legg hesjetråd, ei spreier møkk, ei plukkar stein med barnet på ryggen,
ei drar rånen til slaktebenken, ei slår med ljå, ei haustar lin, ei drar
slipesteinen og ei berkjer tømmer, dei som fødde og amma bøndene

Godt sagt! (0) Varsle Svar

ELVA OG LANDSKAPET

Kulturlandskapet har vakse ut av elvene
Der det var vatn til å vatne med, fisk å fiske, grøderik jord å grø i
Huang He, Gaula, Ganges, Sjoa, Ayeyarwady, Trysilelva, Tigris, Alabama og Anarjohka

I opphavet var Elva, alt var til ved Elva, og utan henne var ikkje noko til
Det som vart til i henne, var liv, og Elva var lyset for menneska
Elva skin i mørkeret og mørkeret har ikkje overvunne henne

Godt sagt! (1) Varsle Svar

HEI

Hei, seier barnet
Hei, blomen
Hei, linerla
Hei, dagen og sola
Hei, hesten og kua og marihøna
Hei, mamma og pappa og kjøtmeis og sofapute
Hei, rare steinen og krokete tre og fråflytta maurtuve
Hei, traktor og gakk-gakk og gjerdestaur
Hei, stortå og gulrotåker og meitemark
Hei, alt, hei absolutt alt

Godt sagt! (1) Varsle Svar

STILT

Gammal eik omslutta av tett granskog
Rusten traktor bak låven
Ingen døyr så stilt og langsamt

Godt sagt! (2) Varsle Svar

KYRKJEGARDEN

Dei gamle damene i menigheita
raker mellom gravstøttene
Vil kare fram sine sakna
med raske rivedrag

På kyrkjetrappa
termoskaffi og heimebaka kringle
Ei lauvrive frå Jernia duger ikkje mot døden

Godt sagt! (2) Varsle Svar

DET GROR STEIN I ÅKRANE VÅRE

Det gror stein i åkrane våre
Nokon har ved ein feil eller på faen strødd steinfrø over åkrane våre
Vi bøyer ryggen og løftar stein, vi bøyer ryggen og løftar stein, vi bøyer
ryggen og løftar stein

Steinen bryr eg ikkje
Steinen lèt seg løfte, lèt seg kaste, lèt seg tippe i ura
Steinen konsentrerer seg om å vere hard
Steinen ber med seg nattefrosten langt inn i den solvarme dagen
Steinen ber med seg solvarmen langt inn i frostnatta

Godt sagt! (3) Varsle Svar

MUSVÅKEN

I dag er det musvåken som held oss oppreiste
Han sirklar så høgt at vi nesten ikkje ser han i det skarpe sollyset
Han fører oss i usynlege trådar
Vi spring i store sirklar kring åkrar og eikehagar

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Amanda ABerit B LieKirsten LundStig TMads Leonard HolvikHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnie