Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Sjølv om det viser seg at barnet er ein fisk, smiler ho letta, slik alle nybakte mødre smiler. Ho kan med handa på hjartet seie at ho ikkje er det minste skuffa.
Den blinde kua legg den nyfødde kalven til brystet så han får suge. Kalven er like blind som mora, men han syg godt. Kua slikkar kalven med den store tunga si. Kalven er gul som honning. Tunga er diger. Kua slikkar og slikkar.
Ho kjem i skade for å slikke i seg heile kalven. Det skjer utan oppstuss eller tårer av noko slag. Tvert om. Dei seier til henne at slikt er ganske vanleg. At verda er full av honninggule kalvar som er slukte av mor.