Klikk på en bok for å legge inn et sitat.
Historiene om menneska, dei gode og dei dårlege, kveilar seg i kvarandre, knyter seg saman, bryt seg laus på nytt, forsvinn i halvmørkret, for så å bryte opp ein annan stad, der det ikkje lenger bur menneske som veit kven dei ein gong var.
Marta Kristine skunda seg til stabburet og fann jenta på ein lem med ein striesekk fylt med høy under hovudet. Da sprang ho inn i kårhuset, vrengte av seg brurekjolen og tok på seg ein gammal stakk og ei skjorte. Fødselen var i full gang da ho kom ut igjen.
..., men dei lyse årstidene vart for korte for alle langstrekte draumar.
Slik gjekk den eine dagen etter den andre, og den eine månaden etter den andre, årstidene skifte og tida, tida rann bort som sand mellom fingrane på dei.
Ved å gjera som dei mange andre ho aldri hadde møtt, vart ho ei av dei.
Det er ikkje noko som varer evig, sa han da. - Alt skifter. Livet er kort og skjørt, men dei stundene vi har i lag, skal vi akte på, for dei er det dyraste vi eig
Dei gode gamle dagane var forbi, og godt var det, så kunne dei nye gode dagane koma.