Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 10 av 18 sitater

Det er utruleg kulturfattig, det ein ser i heimane no til dags, der tinga er henta frå ulike kantar av verda, ofte utan at folk veit noko om opphavet. Og kva er så skilnaden på ein heimelaga ting og den frå fabrikken? Den eine har sjel og den andre ikkje, for den som skapar ein ting med eigne hender, lèt etter seg noko av seg sjølv i det han lagar.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg hugsa tidene da bøndene tenkte sjølve og var usamde med eksistensialismen sørfrå i verda: at livet skulle vera fåfengt, slik som når en mann velter stein opp til fjells, berre for at steinen skal rulla ned att så mannen må byrja å rulle han opp på ny.
Dette er rein vitløyse, sa han gamle Gisle på Løkjum. Såleis kunne det ikkje vera, berre. Menneskenatura var snarare slik at ein velte steinen opp på fjellet og lødde mindre steinar rundt han, slik at det vart ein staseleg varde. Mennesket ville gjera minnesmerke over arbeidet sitt.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Gud hjelpe mannen, så grunne tankar som han har.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sjølvsagt er det slarv og misunning her og all slags vitløyse som høyrer til menneskeslekta. Men dette same folket låner deg traktordekk når det røyner på.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Det verste med den djupaste lidinga er at ho er usynleg for alle andre enn den som har henne i seg.

Godt sagt! (7) Varsle Svar

Elska vere alt som set seg ned, og elska vere menneskeleg godvilje.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

Eg sa til sauene at eg elska ei kvinne. Dei såg på meg med undring i augo.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Eg hugsar at dette same året var atombomba kasta over Japan. Utpå hausten vart det kalla inn til møte om ei eller anna sak i samkomehuset, og der vart denne nye redsla samtalemne med ein gong. Folk hadde høyrt at det fanst nok bomber til å øyda alt liv på jorda, og ikkje berre ein gong. Sume sa at no kunne alt gå av hengslene, og menneske rådde ikkje med nokon ting lenger.
Då sa han Ingjald på Hole med ettertanke i røysta at aldri hadde mennesket laga eit verkty det ikkje kunne råda med.
Då reiste leigekaren på Raudamel seg, glattsleikt i håret, og sa at han visste eit døme på dette. Han Hedin på Kleivabrekka hadde laga seg alfor store trillebårer, lesst det fulle av kumøkk og gått av stad med dei ned brekkebøane, men så rådde han ikkje med dei, og miste dei ut over kanten.
Og der var dei enno.
Etter denne soga til leigekaren tagna møtelyden.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og var det ikkje sant som Vidalin skreiv, at det er lett å temja god natur til det vonde,men vanskeleg å temja vond natur til det gode?

Godt sagt! (1) Varsle Svar

[...] og skjøna at menneske kan drøyme store draumar på små puter.

Godt sagt! (11) Varsle Svar

Sist sett

PiippokattaWencheAnne-Stine Ruud HusevågDressmyshelfEllen E. MartolRisRosOgKlagingMarit HåverstadLisbeth Marie UvaagReidun Anette AugustinHarald KBeathe SolbergAstrid Terese Bjorland SkjeggerudBjørn SturødTheaAnn ChristinPilarisKjerstiVigdis VoldCathrine PedersenTanteMamieSolveigTove Obrestad WøienAvaAnne Berit GrønbechMarianne  SkageGrete AastorpMartinMorten BolstadJan-Olav SelforsHeidiIngeborg GLeseaaseTonje SivertsenJakob SæthreGro-Anita RoenKirsten LundStig THanne Kvernmo RyeAndreas HesselbergToveLogika