Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 4 av 4 sitater

Å slå fiendar i hel i krig, det var Guds og kongens vilje, og soldatens plikt og kall. Men trampe i tilsådd jord - ?

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Og alle visste og at det var så som så med dyden til meir enn ei av dei som stod brur. Men det var rart med foreldre, dei hadde alltid vore så mykje betre i alle ting, dei.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Ein mann får aldri veta kor mange varme tankar som er stukne, strokne, stoppa inn i tøyet hans. Han får aldri visst det minste om den brå gleda som kan fara igjennom eit kvinnehjarta når ho ser han i eit vellykka plagg som ho har lagt så mye av seg sjølv i.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Kjenner du våren i skogane i nord? Det er der det er vår. Enda han kjem ikkje med brask og bram, han smyg på tå som ein lørdagsfriar. Han kviskrer stilt og smeikande og kakker lint på ruta. Han ber berre om ein liten prat gjennom dørsprekken. Men han banker snart sterkare, noe snur på seg og puster søvntungt der inne. Og våren blir meir og meir høgmælt, han nynner, plystrer, syng - til slutt knasar han ruta, stormer inn og tek henne i fang. Henne - skogens vaknande jord. Han er strid og mjuk, han er overmodig og vill og glad, og samstundes græt han saman med henne tårer av lengt og letting. Jorda blir varm i fangtaket hans. Og livet bobler, i strupen på orrhanen som danser med raue bryn, i tiuren med det frodande og knepprande nebbet, i brestande knoppar og susande sava, i det englekvite mylder av kvitveis og i hestehovens overmodige solfarge. Bån skulle komma til om våren. Alle bån skulle bli fødde til stigande verme og veksande lys.

Godt sagt! (2) Varsle Svar

Sist sett

Kirsten LundHarald KKine Selbekk OttersenMcHempettStig TIngunn SLailaVioleta JakobsenAndreas BokleserPi_MesonBenteReadninggirl30Berit RTine SundalBritt ElinAnne-Stine Ruud HusevågRisRosOgKlagingAmanda AHanne Kvernmo RyeEgil StangelandReidun SvensliCathrine PedersenBjørn SturødTanteMamieAnn ChristinalpakkaAnneWangAlice NordliLilleviMathiasPiippokattaJoannAnne Berit GrønbechFarfalleMarianne MLinda NyrudLisbeth Marie UvaagConnieNerakntschjrld