Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

FLYET

Det skinande blanke flyet
skar yver tind og kluft
og kvorv i glimande solauga
høgt i den marsblå luft.

Det var som svingande kvernor
djupt inni rømdi song.
Det svara frå kvite vidder
og dura i fjelldalen trong.

Frå framande heimar kom det,
eit bod frå ei onnor tid:
Grendi skrokna og låg att
i tussegrått vinterhi.

Godt sagt! (3) Varsle Svar

TVO GRAVER

No er dei komne i same seng,
ho Abbelin og han Sjovat Dreng,
daude og vel forsytte.
Hadde dei kome i hop fyrr, dei tvo,
kunde det vore til gagn, men no
er det til ingen nytte.

Ung var ho Abbelin, Sjovat au,
men gjorde ikkje som blodet baud
men øydde sin ungdom i slitet
til dei krokna i rygg og skora på horn,
- tvo ugifte, eismala, utan born -
Og no deira bein er kvite.

Godt sagt! (6) Varsle Svar

SNIGELEN
Snigelen skrid yver vegen
med augo på stett.
Han gjev svarten
i farten
berre leidi er rett.

Godt sagt! (5) Varsle Svar

Sist sett

Bjørg RistvedtHarald KHeidi HoltanChristofer GabrielsenKirsten LundSilje-Vera Wiik ValeNora FjellimgeSigrid NygaardHanneEllen E. MartolHanne Kvernmo RyeDemeterBjørn SturødSynnøve H HoelPiippokattaLinda NyrudLailaElla_BCarine OlsrødVibekeAkima MontgomeryrubbelHilde Merete GjessingAstrid Terese Bjorland SkjeggerudInger-LiseJarmo LarsenTine SundalTor Arne DahlTor-Arne JensenTone NorenbergReadninggirl30Trude JensenIngeborg GAnne-Stine Ruud HusevågVigdis VoldAliceInsaneBjørg  FrøysaaEgil StangelandKjetil