Klikk på en bok for å legge inn et sitat.

Viser 1 til 3 av 3 sitater

DEN MANGLANDE BOKSTAVEN
Det manglar ein bokstav i ordet for vår.
Naturen tenkte på det før me vakna.
Det vil ikkje lykkast dei å tå knekken på april.

Svarttrosten flaug frå kirsebærtreet
som ei trussetning.

Eg tømde gammal mjølk over røtene i skumringa.
På veg mot trappa høyrde eg alvane le lågt bak meg.
Dei hadde grovare røyst enn eg hadde venta.

Eg opnå kveldavisa og verda flaug inn i stova.
Ordet elektrisitet kjem av det greske ordet for rav.
Lampen lyste på bokstavane, men det mangla ein.

Ein kan finne ting ein ikkje visste ein hadde mista.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

ELVEHAGEN
Å oppna dørene mot eit landskap og bli det.
Eg trener meg på å døy.

Ord er hjelpelause. Blikket er som eit anker.
Hatefulle ord

blir som små visnande blad på vekstar
i den store hagen.

Eg står på den store brua over elva. Brua
flyt av garde.

Elva er her.

Godt sagt! (0) Varsle Svar

PORTANE OPNAR SEG
Eg veit at eg kan eiga alt dette som ligg framfor meg.
Desse gatene som glitrar etter regn

med brusteinar av gull og bronse.
Eg kan famna inn hamna med alle skipa som seglar inn.

Eg kan sjå sjelene som konkyliar samla på svaberga
utover mot den dirrande røde spegelen av sol.

Eg eig byar og hamnar og svaberg og sol, sol, sol.
Glitrande i sjøens bølgjer, i brusteinane og i sjelene.

Eg veit når eg veit det eg veit. Og det eg veit fargar av
på sjela mi og møter meg i spegelen med si ramme av gull.

Det finst morgonar når eg er så stille at eg kan høyra
blåfargen lena seg mot det grøne i eit hav av uendeleg ømheit.

Det kjem ikkje til å verta noko blygt eller varsamt
over den songen som morgonen nynnar over våre liv.

Men stråa er blyge på myra. Og dunet er mjukt og
rundar seg varsamt kring egga som er skjult i mose og mørker.

Det myldrar fram. Frå sidegatene og oppover stranda.
Det myldrar og lever og krælar og kryp og me veit det.

Me eig dette. Men bare så lenge me gir avkall på det.
Bare så lenge me er audmjuke tenarar av lyset.

Lyset som kyssar kvart sekund.

Godt sagt! (1) Varsle Svar

Sist sett

Elisabeth SveeStig TMarit HåverstadVannflaskeMorten MüllerJan-Olav SelforsHarald KPer Åge SerigstadHeidi BBPär J ThorssonIngunnJSilje HvalstadIngeborg GDaffy EnglundKirsten LundTorill RevheimsomniferumEgil StangelandAvaDanielConnieRufsetufsaNinaFarfalleIreneleserBjørg RistvedtHilde Merete GjessingCecilie69Anette SBjørn SturødHilde H HelsethJarmo LarsenLisbeth Kingsrud KvistenTone SundlandAlice NordliMarianne  SkageBeathe SolbergGro-Anita RoenKaramasov11Nina G